Her kjem invitasjon til Suldalsrennet 6. februar, sjå lenka nedanfor:

Suldalsrennet

Som de ser går klassane frå jenter og gutar 8 år og oppover. Det vil seia at dei som går i 1. klasse stiller i 8 års-klassen osv. Ved påmelding  kan de gå inn på www.minidrett.no og opprette profil der ved å registrere deg sjølv og aktuelle born med navn og alder. Deretter trykker de «Påmelding», søkjer opp aktuelt renn (Skriv inn til dømes «Suldal») og vel deltakarar. Gå vidare til kassen og bekreft påmeldinga. Ved å opprette profil på minidrett.no er det enkelt neste gong de vil melde på dykk sjølve eller borna dykkar til aktuelle renn. Står de fast eller treng hjelp her, er det berre å spørje oss som har eldre utøverar.

Om de ikkje ynskjer å gå vegen om minidrett.no sender de påmeldinga for Suldalsrennet til ski@suldal-il.no og skriv inn namn,  alder( og gjerne fødselsår) og klubb.

Alf Odden har tilbudt seg å glide ski for dei yngre i klubben som ikkje har glida ski før eller som ikkje har utstyr til det . Ta kontakt med han på tlf: 48044583 eller epost: alf.odden@svr.no Alf må ha skia innen kl 17.00 på fredag.

Håpar å sjå mange på skirenn på laurdag.