last nedÅrets første kamp og rapportane frå trenarteamet var at laget såg bedre ut nå enn på same tid i fjor. Første kamp i fjor enda med 3-1 siger over Paradis på Midjord, midt på Storhaug. Ironisk nok vart også årets sesong innleia på «minibanen» (Brodd sitt G14 lag trente på den store banen) mot laget som har same navn som bydelen, nemleg Storhaug

Heimelaget for dagen er me godt kjende med i Suldal etter fleire tøffe duellar som har enda både med siger og tap. Denne sesongens Storhaug-lag må vel seiast å vera ein favoritt til å rykka opp til divisjonen dei spelte rykka ned frå i fjor. Suldal er tippa på ein 7 plass av lokalfotballguru Lars T Fisketjøn og vår oppgåve er å gjere tipset til Mr Fisketjøn til skamme.

Etter relativt gode treningskampar som enda med to sigrar mot Hjelmeland og ein uavgjort mot Etne syntes likevel underteikna at me måtte heve oss eit par hakk for å kome heim att med poeng. Eit ungt suldalslag vil nok svinge mykje i prestasjonane, men håpet om ein god start var tilstades i garderoben.

Før kamp presenterte Morten laget i ein 4-5-1 formasjon der forsvaret bestod av Hallvard, Ådne, Isak og Tom. Ingve skulle liggje rett framfor forsvaret som ein balanserande midtbanespelar, medan Tim og Erik skulle liggje litt framfor Ingve. På vingane fant jelsabuen plass til Mikkel på høgresida og Peterson til venstre.Jone fekk jobben med å vera spiss. I mål lyste Arne Vatland opp i strålande rosa drakt. På benken kunne me finne Espen, Glenn, Andre og Lars.

Sjølve kampforløpet blir litt amputert då Tor Olav fekk ambulanseoppdrag for ein Hallvard som måtte til legevakt etter å ha fått ein alboge i nasen. Då var det spelt 25 minutt og det stod 4-1 på resultattavla i favør heimelaget. I dei 25 minutta kunne me observere eit suldalslag med høge skuldre og mange tapte duellar. Likevel var det dei gulsvarte som fekk kampens første sjanse då Ingve på vakkert vis slo Jone gjennom aleine mot keeper. Marginane var ikkje på halvøyguten si side denne gongen og stillinga stod fortsatt 0-0. Etter dette tok Storhaug meir og meir over og det var sånn sett greit at dei putta ballen i mål både ein og to gonger før Mikkel fekk sett ballen i mål til 2-1. Før Hallvard skada seg i det som seinare viste seg å vera eit nasebrot klarte nok ein gong heimelaget å score. Etter dette er det kun rapportar frå kampens aktører eg kan basere referatet på.

8-2 er eit stygt resultat som reflektere ein kveld der ingenting ville seg for Suldal. Mykje pasningsfeil, høge skuldre og ei oppleving der det var litt gutar mot menn får ein ofte eit slikt resultat om ein møter gode lag. Underteikna synes det er tullete at ein seniorkamp vart spela på ein liten bane når eit G14 lag trener på den store banen, men slik er det vel med sterke personlegheter i Brodd fk. Forhåpentligvis vil me sjå ei betre utgåve av gutane våre førstkommande laurdag mot Forus og Gausel 2 i Prestavikjo. Kampen byrjar klokka 14.30.

Mål/målgjevande
Mikkel/?
Ingve/?

Gule kort
Ingve
Fleire?

Laget: Arne, Hallvard, Ådne, Isak, Tom, Ingve, Erik, Tim, Peterson, Mikkel, Jone
Benytta reservar: Espen, Lars, Andre og Glenn