fcshowFlott men ein tanke kjølig stavangervær møtte dei femten karane som skulle opp mot Siddis 2 til sesongens andre bortekamp. Det rosakledde heimelaget held heime på ærverdige SIF stadion eller på folkemunne «Siffen» og me har hatt nokre bataljer på denne banen før. I fjor blei me sendt heim som slakt i eit bedrøveleg 9-3 tap, så suldølen hadde alt å revansjere i dette oppgjeret.

I garderoben før kamp var stemningen god og halvdårleg tecnomusikk flomma ut av ein stakkarsleg boomblaster. Etter kampen kunne Morten Jelsa sjokkerande nok fortelja at det var hans speleliste og ikkje ein av unggutane si liste. Uansett, kamp vart det og lagoppstillinga var lik kampen mot Forus og Gausel 2 førre helg med unntak av Glenn som var ute med skade. Inn for han kom Sindre Lorenzen, som gjorde ein fin figur kampen gjennom.
Nøyaktig klokka 18.00 bles kampens dommar i gong det som etter kvart skulle vise seg å bli ein svært så målrik affære.

Erik Vaage, som danna ein sentral midtbane med Ingve Berge var den som skulle havne først på scoringslista. Allereie etter to minutt klarte erfjorbuen å smelle ballen bak heimelagets målvakt for første gong denne kvelden. Erik noterte seg og for utlikning til 2-2 etter at Siddis 2 hadde utnytta sløv deffensiv jobbing to gonger. Fire mål og første omgong var knapt halvspelt. Likevel var det Sindre Lorenzen som skulle putte omgangens siste mål då han fekk ein ferdigscora pasning frå spissmakker Jone han kunne spasere i mål.

Leiinga var grei, men Morten var likevel ikkje nøgd med spelet. Høge skuldre, mykje slurv og lite «guts» må ta skylda for dette. For dette heimelaget skal vera grei skuring om gutane gjer som ein forventar av dei. Dagens tropp hadde ein snittalder på like over 18 år, så at ein del urutinerte valg må ein likevel rekne med.

Etter ein liten tordentale frå Morten kunne gutane igjen springe utpå kunstgraset til det som skulle vise seg å vere ein omgong lik den første. Slurv i bakre rekker førte til at heimelaget fekk omgongens første mål og kunne utlikna til 3-3. Det var likevel gutane frå Suldal som var best i denne kampen og som ville mest på «Siffen». Glimtvis viste dette suldalslaget at det bur ein del i dei, og det var det som skulle vippe kampen i gjestene sin favør. Siddis 2 skapte ingenting utanom scoringa dei fekk, mens Suldal hadde gode sjansar til å gå opp i leiinga. Om lag tjue minutt før slutt kom kveldens første mål frå Jone då han curla ballen fint i mål etter pasning frå Sindre. Ti minutt seinere satt den siste spikeren i den rosa siddis-kista då jone nok ein gong var frampå og fastsatte sluttresultatet til 5-3. Det siste målet kom etter at innbyttar Mats pressa ein heimespelar til å slå ballen rett i beina på suldalsspissen.

Isolert sett eit greit resultat, men underteikna sit likevel med inntrykket av at gutane i gult og svart må opp nokre hakk til heimekampen mot Vaulen 2 i Prestavikjo neste helg. Det bur mykje i disiplane til Morten, men hovudet må vera på rett plass og fokuset må vera på å gjere det enkle i plassen for å ta den ekstra dragningen. Heimturen denne gongen blir uansett mykje bedre enn den i fjor etter tilsvarende oppgjer. Kampen mot Vaulen 2 sparkast i gong klokka 14.30 presist. BE THERE!!:)

Mål/assist
Erik/?
Erik/?
Sindre/Jone
Jone/Sindre
Jone

Laget: Marius, Hallvard, Isak, Ådne, Tom, Andre, Peterson, Ingve, Erik, Jone, Sindre
Benken der alle spelte: Mats, Lars, Ørjan og Gunnar