IMG_20160426_190723241_HDRDa er sesongen godt igong for G15 laget til Suldal. Sesongen starta flott 12 april med ein 1-0 seier over Sauda. Dette var ein virkelig jobbeseier der heile laget var «på» heile kampen.

Den neste kampen var borte mot Skjold 1. Der gjekk me på eit 2-0 tap.

Den tredje kampen var heimekamp mot Falkeid. Denne kampen starta bra med mykje godt spel av Suldal, mens Falkeid blei liggande litt bakpå. Resultatet til pause var 3-1 til Suldal etter skåring av Håvard  og Magnus x 2. Når vi gjekk på bana i 2 omgong var det imidlertid skjedd noko med begge laga. Falkeid byrja å spele god fotball og Suldal sto nesten å så på. Resultatet vart utlikning til 3-3. Da vakna suldalsspelerane litt og Kentaro fekk inn 4-3 målet på eit gjennomløp. Desverre klarte Falkeid å utlikna igjen rett før slutt. Kampen sett under eit var nok 4-4 eit rettferdig resultat. Neste kamp er bortekamp mot Solid om 14 dagar.