Bortekamp igjen for 15 årslaget. Denne gongen heilt til Ferkingstad som ligg heilt i havgapet sør for Åkra på Karmøy.

Til denne kampen var me i utgongspunktet 13 spelarar, men Ingve (med hofteskade) og Andreas (med spysjuke) måtte melda avbud. Dermed reiste me med 11 spelarar.

Dette kunne bli ein tøff kamp utan innbytarar, men me veit at me har lite folk tilgjengeleg på dette laget så me er veldig sårbare for avbud. Me skulle spela kampen på ein mest ny kunstgrasbane. Den var fin, men litt liten. (Ca 50 x 90 mtr.)

Dei fleste av spelarane våre hadde kamp i Suldalsserien i beina frå dagen før, så me var litt ”rustne” i 1. omgang. I tillegg var me nok litt prega av ein forholdsvis liten bane. Forsvarsspelet fungerte ikkje som det skal, og Ferkingstad slapp lett til fleire gonger. På grunn av offensive kvalitetar klarte me likevel å halda 3-3 til pause.

I pausen var me einige om å stå på vidare, og gjorde nokre små justeringar. Dette fungerte bra, og me fekk fullstendig tak på midtbanen. Me skapte masse sjansar, og var oppe i 5-3 leiing. Likevel kom Ferkingstad fram i eit sjeldant angrep, og vips så var det 5-4. Men så var det slutt………. Sand/Suldal kjørte over heimelaget dei siste 20 minutta, og scora 6 mål til før kampen var over. Litt av ein maktdemonstrasjon.

Fleire av måla var av den flotte sorten, alt frå frispark i kryss til skot i kryss, bruk av bredde, ned til dødlinja og innlegg som resulterte i mål. Masse kjempebra spel. I tillegg fungerte forsvarsspelet bedre og bedre utover kampen. Alt i alt ein fortent seier, der me vart betre og betre jo lenger kampen gjekk. Kjekt med god dommar som til vanleg dømmer i 3. divisjon.

Desse spelarane var med denne gongen: Lars Kristian, Johannes, Dagfinn, Mads, Øystein W., Thomas, Øystein N., Fredrik, Sindre O., Sindre L. og Christer.

Mål: Øystein N. 6, Fredrik 2, Sindre O. 2 og Sindre L. 1

Neste kamp er heime i Prestavikjo tysdag 19. mai mot Stegaberg.  Der satsar me på offensiv og flott fotball. Den som møter opp vil sjå…………..

Svein Øystein