I ei av mange cupbomber var det suldølen Ingvald Halgunset som vart matchvinnar og slo ut Viking i 3. runde i NM. 

Arkiv frå 2011: Dåverande leiar i fotballgruppa Dagfinn N. Havrevoll gratulerer Ingvald som Beste unge spelar 2011 på Suldal a-lag.

Arkiv frå 2011: Dåverande leiar i fotballgruppa Dagfinn N. Havrevoll gratulerer Ingvald som Beste unge spelar 2011 på Suldal a-lag.

Ingvald sette inn 2-1 til andredivisjonslaget Vidar på ei kontring i det 63. minuttet, og det resultatet stod seg kampen ut. Om de har tilgang på til dømes TV2-sport-appen, kan ein sjå målet der. 

For nokon er det kanskje litt delt begeistring for resultatet av kampen, men me gler oss nå likevel på erfjordbuen sine vegner! 🙂