Fotball

Sesongen 2016 er godt i gong og menyen er oppdatert til 2016-standard.

Som før finn ein tabellar, resultat og lenkjer til eventuelle referat i menyen til venstre på sida. Her finn ein dei to tradisjonelle seniorlaga; Suldal 1 i 6. divisjon og Suldal 2 i 7’er-divisjonen. Morten Jelsa er trenar for laget i 6. divisjon, og Tor Olav Berge tek seg av 7’er-laget.

Me har, som i mange år tidlegare, aldersbestemt lag i krinsserien. I år er det G15 som gjeld. Her er det Tommy Espe som har teke laget opp eit år frå fjorårets G14-lag.

Nytt av året er det at me har med eit jentelag i serien, J16. Dette laget er tufta på Suldal IL sitt reine jentelag i Suldalsserien frå tidlegare år. Nå har dei fått med seg jenter frå Sand og Ropeidhalvøya, og reiser nordfylket rundt under kyndig rettleiing av Petter Hoås og Odd Austarå.