tastaI godt vårvær ankom Suldal sine beste menn Stemmen kunstgras på Tasta for å kjempe om tre poeng mot Tasta 2. Suldal har kjempa mange harde kampar på denne banen mot både Tasta og POL, men det har ikkje alltid vore så flatt og grønt «gras» som nå. Underteikna har spelt på denne banen før den «nye» tida då store steinar, overvatn og laushundar var ein del av kampen. På den tida var dette slik det var på Stemmen, men denne fredagen i mai låg ei grøn kunstgrasmatte å smilte i kapp med bjørketrea. Det var duka for ei festaften med 22 aktørar frå Suldal og Tasta 2.

Det var tydeleg frå kampstart at det var bortelaget med ein strålande opplagt Lars Lavalette som ville møte til fest. Tasta 2 såg stakato og rådville ut dei første femten minutta. Suldal kjempa om kvar ball og kjørte overgangar i verdensklasse på venstresida. Morten stod med eit stort glis og såg at gutane hans kjørte over heimelaget etter alle kunstens reglar. Dessverre er dette suldalslaget nesten vaksinert mot mål og fullførte denne gode perioden med smultring i protokollen. Etter eit kvarter kjør frå dei gulsvarte kom Tasta 2 meir med i kampen og fekk eit par gode sjansar med påfølgande uttelling. Raudbuksene frå Tasta bydel klarte det bortelaget ikkje hadde klart, nemleg å putta lærkula i det berømte nettet. Ikkje bare ein, men to gonger før Suldal klarte å redusere med Espen før pause. 2-1 og nok ein gong bakpå etter første omgong. For oss som såg på, så var det ein og kun ein som var påskrudd og klar for kamp på Stemmen. Lars sprang, takla, heada og gjekk i front med hovudet først. Ei herleg innstilling som bør var elementært og implementert hjå ein fotballspelar. Dessverre for Suldal var dei ti andre aktørane i gulsvart statistar og langt frå påskrudd den siste halvtimen av første omgang.

Kampens andre omgang burde bli bedre mot eit Tasta 2 lag som langt i frå er bra. Likevel var det nok ein gong heimelaget som tok tak i banespelet sjøl om Suldal skapte tre til fire gode sjansar der både Erik og Tom burde putta ganske greit. Likevel var det nok ein gong Tasta 2 som putta ballen i nettet. Ei svak avgjersle frå dagens trivelige dommar Morgan Hobberstad der han tillet ein i kvit drakt å sette ballen bak ein sprellande Andreas i suldalsmålet. Ein soleklar offside, men Morgan, som tidlegare og har dømt i disfavør av Suldal denne sesongen godkjente målet. Etter dette gjekk spelet fram og tilbake utan at nokon av dagens tjueto aktørar hadde peiling på kva ein skulle gjere med denne runde lærkula i kvitt. Det er i periodar som dette ein ser at nivået til desse laga er akkurat der dei er plassert i divisjonssystemet. Mykje slurv frå begge lag og generellt nivå på kampen fram til Suldal si redusering om lag ti minutt før slutt. Ei perle frå Ingve der han på heil volley klemde til frå sytten meter kontant bak heimelagets målvakt. Strålande mål og ei godkjensle breidde seg i suldalsgutane. Kampens siste minutter var prega av press mot eit mål. Det virka som at fleire i gult og svart endeleg hadde forstått at dei faktisk spelte fotballkamp. Etter ein god periode med press frå bortelaget kunne Tasta 2 puste letta ut når jærbuen i svart blåste av for kampslutt. 3-2 tap i ein kamp der Suldal veit at dei kunne gjort ein betre jobb.

Det gjelt om å møta opp og kjempa. Resultata kjem ikkje av seg sjøl. Det bur mykje bra i laget vårt, men mykje bør forbetrast om ein skal tenkje på eit eventuellt opprykk. Den veien er lang og gå, men me kan håpe og tru at det forbetrar seg til neste kamp heime mot Hundvåg 2 klokka 14.30 laurdag 28 mai.

Mål/assist

Espen/?

Ingve

Gult kort til Ådne

Laget: Svein Egil-Isak, Ådne, Sigvart, Lars-Andre, Ingve, Erik, Peterson-Jone, Espen

Benken der begge fekk speletid: Tom og Gunnar