Erik kan brukast til mangt: SKåre mål, spele på midten og som midtstoppar.

Det vart mykje mål i Prestavikjo, men dessverre nok ein gong eitt mål meir til motstandarane enn det me sjølv greier og putte.

Det var ein slags botnkamp som vart utkjempa i regnet; Suldal tredjesist med fire poeng, og Hundvåg plassen bak med eitt poeng. Dette var dermed det som klisjèaktig blir kalla ein sekspoengskamp.

Første omgang fekk ikkje meldaren med seg, men kort oppsummert skåra Hundvåg 2 måla sine på innlegg, mens Erik Våge og Glenn Søraas var Suldal sine målskårarar. Erik sitt mål kom etter fint spel, mens Glenn var på rett plass og fekk ballen servert frå motstandar (?). 

I andre omgang var det to nokolunde jamne lag som kjempa om mål og poeng. Suldal sprang gjerne mest, men Hundvåg sprang kanskje mest effektivt. Når våre unge suldalsgutar fekk ballen, så var det litt tilfeldig kva som skjedde vidare. Intensjonane om og spele ballen via midten og ut på sidene var der, men det blei ikkje nøyaktig nok. Feilprosenten på pasningane er for høg til at ein kan etablere eit spel. I tillegg kan spelarane med fordel tenkje meir som ein sjakk-spelar: Kva kjem til og skje i neste trekk? Kanskje eg må gjere meg spelbar slik at eg kan gi ballførar alternativ? Og ballførar kan gjerne ha litt is i magen og ikkje spele på det første løpet som kjem, kan hende er det ein annan som er betre plassert? Det er lett og stå på sida og seie dette, men Hundvåg var betre enn Suldal på denne delen av spelet. Dei traff på fleire pasningar, og visste betre kor dei hadde kvarandre og kor pasningsalternativa var.

Kinderegget som kanskje gjorde at gjestene tok alle poenga var for det første at dei nok hadde ein snittalder som var 6-7 år høgare enn vår, dei har altså trent og spelt fotball ein heil del meir. For det andre var dei 5-10 kg tyngre, noko som gjer at dei vinn fleire duellar. Til sist var det også dei som ville vinne kampen mest. Suldalsspelarane hadde kondisen, men det er utruleg kor mykje ekstra krefter ein kan finne om ein berre verkeleg vil vinne.

Suldal sitt tredje mål, reduseringa til 3-4, kom på straffe. Suldal hadde hjørnespark, ein motspelar brukte strake hender i ein duell og fekk straffe mot seg. Jone Utbjoa gjorde akkurat som han gjorde på trening på onsdag, sette straffen på kjipt, men sikkert vis i mål på akkurat same plassen. Me skal ikkje røpe kor, det kan jo hende neste motstandar gjer god research…

Me skal ikkje deppe lenge, sjølv om det er surt med nok eit eittmålstap. Me må heller sjå og lære.

  1. I denne kampen kom alle måla til motstandaren på innlegg, tre i første omgang og eitt etter pausen. Då er det i alle fall ei klar lekse til neste gong: Finn ein mann raskt og ver tett i han fram til innlegget kjem. Når frisparket eller hjørnesparket blir slått, er det ein kamp på liv og død (Metafor, det dreier seg strengt tatt om maks tre poeng i 6. divisjon i fotballbakgarden Noreg. Andre fotballkampar betyr meir: Overskrift på TV2 om playoff-kamp i England: «En fot og et skudd verdt to milliarder kroner.» Og kva med tankane til Juanfran etter bommen i straffesparkkonkurransen i finalen i Champions League? Men tilbake til referatet og setningen som framleis held på:) om å nå ballen først, om det så er med hovudet, foten, kneet, brystkassa eller ein annan lovleg del av kroppen. Den kampen skal me vinne neste gong!
  2. Når me har såpass mange spelarar med god løpskapasitet, så må me bruke den til å tette godt saman når motstandaren har ballen og komme oss i spelbar posisjon når me har ballen.

Hadde berre dette vore fasiten på korleis ein skal vinne fotballkampar! I neste kamp er det noko heilt anna som kan bli avgjerande. Det er vel alt det uforutsigbare som gjer at det er kjekt med fotball, me veit aldri kva som skjer. Me må ikkje gløyme at det er derfor me driv på, og neste gong kan det vere oss som dreg sigeren i land, men det kjem ikkje av seg sjølv!

Kjekt med mykje folk på tribunen i eit slikt regnver. Kamprapporten melder om 35 tilskodarar. Eg trur det var meir.

Fakta:

Mål/assist:

Erik Våge/?, Glenn Søraas/motspelar?, Jone Utbjoa (straffe)

Gule kort:

Tore B. Søraas, Hallvard Erfjord

Lag:

Svein Egil Holmestad, Lars Lavallette, Tore Bendiksen Søraas, Isak Berge Espe, Hallvard Erfjord, Ingve Berge, Ørjan Underbakke, Erik Våge, Glenn Søraas, Espen Josdal, Peterson Tijhus, Jone Utbjoa, Mads van Ruiven, Andre Vatland, Marius Søraas, Inge Hjorteland