IMG_20160602_194125257_HDRSpennende og jamn kamp i kveld i Prestavikjo da Suldalsgutane møtte tabelltoppen Bremnes. Bremnes starta klart best med godt pasningsspel og fekk inn første målet få minutter etter kampstart. Heldigvis vakna suldalspelerane til etter kvart og begynte å spele ball dei og. Mykje godt spel på midtbana og flotte framspel til spissane gjorde at Suldal kunne gå til pause med ein 5-2 ledelse. I andre omgang kom Bremnes sterkt tilbake og klarte å utlikne til 5-5. Suldalsgutane gav imidlertid aldri opp og når Bremnes lot Tobias gå aleine over halve bana takker han med ein fin pasning til Magnus som putter 6-5 målet. Siste minutta av kampen vart svært spennande, men med god jobbing i heile laget klarte vi å hale i land seieren. Siste kamp i vårsesongen er neste torsdag borte mot Sveio.

Mål i dag: Magnus 4, Mohammed 1 og Håvard 1