Hat trick på Hallvard!

Hat trick på Hallvard!

Når ein går på tap med fleire mål, så er det kjekt å kunne reise seg raskt igjen.

Berre eit par dagar etter 4-1-tapet mot Tjensvoll fekk gutane revansjert seg i lokaloppgjeret mot Hjelmeland måndag. Dette var ein viktig siger, for med tre poeng her er det framleis kontakt med laga på nedre halvdel av tabellen, og to lag tre poeng bak oss. 

Det blir meldt om godt spel gjennom heile kampen, og den store helten denne dagen blei Hallvard Erfjord med hat-trick i første omgang. Hallvard har stort sett spelt back i det siste, men i dag var han spiss. Der takka han for tilliten med å utnytte at han ikkje er spesielt høg, men desto mindre redd: To av måla kom på hovudet, eitt visstnok med nakken, og eitt kom etter at han gjekk i bakrom og runda keeper elegant. Ådne Nærheim hadde to målgjevande på frispark, og eitt av Hallvard sine mål kom etter eit hardt innlegg frå Jone Utbjoa.

Peterson Tijhuis vart den andre målskåraren. Peterson hadde ein god kamp, og målet kom etter at han hadde fått ein pasning ut på kanten frå Mikkel Wigestrand. Peterson skar inn i banen og sette ballen i mål.

(Meldar er litt usikker på korleis eit par av måla kom  det kan hende at Ådne hadde målgjevande til Peterson sitt mål, og at det var Mikkel som spelte Hallvard gjennom i bakrommet  )

Hjelmeland sitt mål kom på noko tilfeldig vis; eit skot kom borti ein suldøl slik at målvakta vår vart utspelt.

Trenar Morten Jelsa melder om at dei eldste gjekk føre som gode eksempel i denne kampen, slik at det blir lettare for dei yngre å henge seg på

Nå håpar me på litt flyt fram mot sommaren. Storhaug kjem på besøk i Prestavikjo søndag 12/6, og siste kamp før ferien er borte mot Vaulen 2 fredag 17/6. Etter at seriepausen tek til, har me ei gulrot som ventar søndag 26/6 når FKH kjem på besøk i Vikjo.

Mål:

Hallvard Erfjord 3

Peterson Tijhuis 1

Målgjevande:

Ådne Nærheim 2, Jone Utbjoa og Mikkel Wigestrand

Lag:

Svein Egil Holmestad, Mats van Ruiven, Mikkel Wigestrand, Sigvart Vårvik, Ådne Nærheim, Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Andrè Vatland. Peterson Tijhuis, Hallvard Erfjord, Erik Vaage, Inge Hjorteland, Isak Berge Espe, Ingve Berge, Tom Fisketjøn Wærnes