Frå kulturkontoret hos Suldal kommune har me fått denne meldinga:

Kulturkontoret vil også i år leige ut styrkerommet i Suldalshallen i sommarferien. Dei som ynskjer å nytte seg av tilbodet kan møte hos Inger Camilla Løvholen ved kommunehuset. Prisen for leige er kr. 500,- som vil bli fakturert i august 2016.

Me gjer merksam på at det følgjer eit personleg ansvar med å leige nøkkel til anlegget, og det er ikkje tillete la andre nytte seg av den. Dersom to eller fleire ynskjer å trene saman skal alle registrere seg. Det er eit krav om medlemsskap i eit idrettslag i Suldal, og du må ha fylt 15 år.

Me har kun få nøklar for utleige.