Blanda lagbilde, god stemning.

Blanda lagbilde, god stemning.

Suldal IL var så heldige å få ta del i FK Haugesund si oppkøyring til haustsesongen i Tippeligaen.

Det er Suldal Billag som har ansvar for all transport i tippeligaklubben, og leiar Per Arne Fisketjøn har lagt opp eit variert og flott opplegg for klubben i Suldal denne helga. Tur til Stranddalen, padling i Suldalslågen, grilling og sangkonkurransar er noko av det spelarar og støtteapparat har vore gjennom.

Vêret såg lenge spøkje ut for tilskodaroppmøtet, men me hadde lukka med oss. Under kampen var det opphald og god temperatur, slik at dei omlag 300 frammøtte på sidelinja fekk gode forhold.

Sander var litt kjapp for fotografen, men skåra 1-0.

Sander var litt kjapp for fotografen, men skåra 1-0.

Mats sette ballen i tverrliggjaren.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Keeper redda Jone sitt skot.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kaptein Ådne set inn 2-0.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Peterson ordnar 3-0.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Øystein set inn den siste straffa til 4-0.

Etter oppvarming, lagpresentasjon av speaker Tor Inge Bråtveit, lagbilete og intervju med trenarane Mark Dempsey (FKH) og Morten Jelsa (Suldal IL), starta kampen med seks straffar til Suldal for å utlikne divisjonsforskjellen. Sander Abrahamsen Deilkås sette første trygt i mål. Ungguten Mats van Ruiven var nestemann, og sette straffen hardt i tverrliggjaren. Tredje straffe plasserte Jone Utbjoa ned mot keeper sitt høgre hjørne, og Per Kristian Bråtveit var kjapt nede og redda. Resten av straffane sette kaptein Ådne Nærheim, Peterson Tijhuis og Øystein Nærheim sikkert i mål. 4-0 til Suldal før kampen tok til.

Dommar Ole Petter Grindheim instruerer kapteinane.

Dommar Ole Petter Grindheim instruerer kapteinane.

Kampen vart spelt i 3 x 30 minutt. FK Haugesund sette opp høgt tempo frå starten i den første omgangen, og suldalsspelarane fekk kjenne på tempoforskjellen mellom Tippeliga og 6. divisjon. Det vart mykje springing etter ballen som FKH fint spelte seg imellom, men det hendte me fekk låne ballen og gjekk i angrep. Problemet då var at når me mista ballen, så vart det store rom for elitelaget å kontre i. Førte målet kom etter omlag sju minutt på ei slik kontring, og det var bosniaren Haris Hajradinovic som fekk æra av å setje ballen i mål bak Svein Egil Holmestad. Som venta vart det nokre turar på Svein Egil inn i nettet for å hente ballar, men han var sterkt delaktig at det ikkje vart meir enn ti baklengsmål i dag.

Etter det første målet til gjestene, greidde Suldal å vere kompakte i forsvarsspelet sitt. Dei jobba knallhardt for å vere oppi motstandaren, og dei var konsentrerte. Likevel er det klart at all springinga utan å få tak i ballen kostar, og mot slutten av omgangen kom det fire mål imot. 4-2 kom etter at midtstopparstjerna William Troost-Ekong, som er på utlån frå belgiske Gent, forserte og la inn til Eirik Baugstø. 4-3 sette Roy Andrè Miljeteig i mål etter innlegg. Utlikninga kom då FKH fekk straffe etter at Ådne redda ballen på streken med handa. Kapteinen vår hadde nok blitt utvist i ein teljande kamp, men i dag lot dommar Ole Petter Grindheim frå SK Haugar nåde gå for rett og haldt det raude kortet i lomma. Straffen sette Hajradinovic i mål. Då laga gjekk til første pause stod det altså uavgjort i protokollen.

Suldal sitt lag for dagen: Bak frå venstre: Keepertrenar Arne Vatland, Vegard Aas, Vegard Natland, Tom Fisketjøn Wærnes, Peterson Tijhuis, Torjus Steine, Inge Hjorteland, John Herman Ås, Øystein Nærheim, Gunnar Skålheim, Sander Abrahamsen Deilkås, Ådne Nærheim, Tore Bendiksen Søraas, trenar Morten Jelsa. Framme frå venstre: Hallvard Erfjord, Ingve Berge, Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Svein Egil Holmestad, Mats van Ruiven, Andrè Vatland, Isak Berge Espe.

Suldal sitt lag for dagen: Bak frå venstre: Keepertrenar Arne Vatland, Vegard Aas, Vegard Natland, Tom Fisketjøn Wærnes, Peterson Tijhuis, Torjus Steine, Inge Hjorteland, John Herman Ås, Øystein Nærheim, Gunnar Skålheim, Sander Abrahamsen Deilkås, Ådne Nærheim, Tore Bendiksen Søraas, trenar Morten Jelsa.
Framme frå venstre: Hallvard Erfjord, Ingve Berge, Jone Utbjoa, Ørjan Underbakke, Svein Egil Holmestad, Mats van Ruiven, Andrè Vatland, Isak Berge Espe.

I andre omgang kom Suldal mykje betre med i kampen. Kan hende FKH sette ned tempoet noko, men omgangen enda med berre eitt mål imot. Haris Hajradinovic fullførte hat-tricket sitt med eit flott langskot opp i motsett kryss. Me kom ikkje til nokre sjansar, men følte at motstandarane var mennesklege i denne omgangen. «Dei har berre to føter og eit hovud dei og,» filosoferte trenar Morten. Så vart det nemnd at deira føter og hovud gjerne var noko betre trent enn på våre spelarar…

I tredje og siste omgang vart det heile fem ballar i sekken vår, det var tydeleg at kreftene begynte å ta slutt hos dei som hadde spelt heile kampen. Dermed var det klart for mange bytter, og snittalderen på suldalslaget sank noko. Dei tre neste måla var det målvaktene til FKH som stod for. Helge Valvatnet Sandvik er til vanleg keeper, men spelt i dag ute. Han skåra 4-6 og 4-8. Han som stod i mål for måkene i dag, Per Kristian Worre Bråtveit, fekk lov til å ta straffe då dommaren meinte at vår målvakt Svein Egil felte ein kvitkledd. Ikkje alle var einige i at det var straffe, men slik blei det. Straffen gjekk i mål. Dei to siste måla til FKH sette Eirik Baugstø og Alekxander Stølås i nettmaskene.

Kva så med Suldal, hadde me sjanse på spelemål? Ikkje mange, men Ørjan Underbakke hadde fortent nettkjenning då han fekk ballen på 16-meteren, snudde seg mot mål og skrudde ballen hardt mot høgre kryss. Me såg ballen i mål, men så kom Bråtveit i eit tigersprang, strekte seg så lang han var og fekk fingertuppane på lærkula. Den kunne han godt ha latt gå i mål.

Det var trøtte, men blide suldalsspelarar som gjekk av banen etter 3 x 30 minutt mot noko av det beste ein kan spele mot i Noreg. Det er kjekt å få måle krefter mot gode motstandarar, sjå kor nivået er og kjenne på den store forskjellen som faktisk er mellom Tippeliga og 6. divisjon. Og fleire av spelarane kan ta med seg ei dragning, ein dribling, ei takling eller andre ting som dei fekk til mot desse atletane.

I tillegg til eigne spelarar, hadde Suldal i dag forsterka laget med suldølar som i dag spelar i klubbar høgare opp i systemet. Torjus Steine og Sander Abrahamsen Deilkås spelar til vanleg i  Vard Haugesund. John Herman Ås og Vegard Natland er med i Vaulen IL. Øystein Nærheim spelar for Djerv 1919, og Vegard Aas er i Midtbygdens IL.

Etter kampen stilte FK Haugesund opp til intervju, selfiar, autogratskriving og fotballprat. Dugnadsgjengen, som har gjort ein kjempejobb med arrangementet, kunne snart pakke saman, og arrangør og initiativtakar Per Arne Fisketjøn kan ta kvelden, vel vitande om at han har vore med og gitt oss i Suldal IL ei strålande fotballoppleving.

I tillegg til fotballkamp med flott ramme, har også TV Haugaland følgt FKH gjennom heile helga. Reportasjar frå opplevingane kan ein sjå på på nettsidene deira. Der er det til dømes bilder frå kampen, video om Gjestfrie Suldal, Suldals svar på Creedence, Gamle Osen og møte med FKH-fruene, samt ein artikkel om helga.

Kampprogrammet kan ein laste ned her, der ein med anna får spelartroppen til FKH og helsingar frå Suldal IL og FK Haugesund.

Kampfakta:

Dommarar: Ole Petter Grindheim, SK Haugar

Assistentdommarar: Johan Kjellesvik, SK Haugar og Arve Fløysvik, Djerv 1919.

Tilskodarar: Omlag 300.

Mål:

1-0: Sander Abrahamsen Deilkås (str)

2-0: Ådne Nærheim (str)

3-0: Peterson Tijhuis (str)

4-0: Øystein Nærheim (str)

4-1: Haris Hajradinovic

4-2: Eirik Baugstø

4-3: Roy Andrè Miljeteig

4-4: Haris Hajradinovic (str)

4-5: Haris Hajradinovic

4-6: Helge Valvatnet Sandvik

4-7: Per Kristian Worre Bråtveit (str)

4-8: Helge Valvatnet Sandvik

4-9: Eirik Baugstø

4-10: Alexander Stølås

Gule kort:

Ådne Nærheim og Tore Bendiksen Søraas

Suldal sitt lag: 

Svein Egil Holmestad – Ingve Berge, Ådne Nærheim, Torjus Steine, Øystein Nærheim – Sander Abrahamsen Deilkås, Jone Utbjoa, Tore Bendiksen Søraas, Peterson Tijhuis – Vegard Natland, Hallvard Erfjord.

Innbyttarar der alle spelte: Tom Fisketjøn Wærnes, Inge Hjorteland, John Herman Ås, Gunnar Skålheim, Mats van Ruiven, Isak Berge Espe, Ørjan Underbakke, Andrè Vatland og Vegard Aas.