Delayed

A-lagskampen Suldal – Vaulen 2 er flytta frå laurdag 6. august til laurdag 3. september.

Dette er ein kamp som alt var flytta på, og nå blir den altså flytta igjen grunna mange spelarar som ikkje kan stille. Nå er den lagt inn i ei av to ledige helger i haust, laurdag 3. september. Det betyr at det nå berre er ei frihelg mellom 19. august og sesongavslutninga 15. oktober. Frihelga er 31.09-2/10, resten av helgene bør ein vere klar til kamp.

Første kamp etter ferien blir dermed fredag 19. august borte mot Forus og Gausel 2.

Ein god våravslutning tok oss opp på 6. plass på tabellen, med tre poeng opp til 4. plass. Likevel er det fort gjort å dette nedover på tabellen også om ein ikkje er skjerpa. Ned til 9. plass er det berre fire poeng.