Hallvard er tilbake på toppskårarplassen.

Hallvard er tilbake på toppskårarplassen.

Statistikken for første halvdel av sesongen 2016 er klar. Harde fakta 2016 er i gong!

Tala viser at trenar Morten Jelsa har hatt ein ganske stabil tropp i år. Sjølv om det er blitt brukt 25 spelarar, så har 12 av desse spelt over halvparten av kampane. Fem karar har fått med seg alle ti.

På toppskårarlista er det Hallvard Erfjord som tronar på topp med seks mål. Etter å ha innleia sesongen som back, er han nå tilbake på spissplass. Hat trick i første kamp som spiss i år gir han tillit der framme enn så lenge.

Gjengangaren Jone Utbjoa føl på andreplass med fire mål, men andreplassen må han finne seg i å dele med tidlegare målvakt Ingve Berge (Retting: Ingve har tre mål, ikkje fire.). Ingve har funne seg til rette på midtbanen, og har ein god skotfot som altså har funne vegen i nettmaskene tre gonger. Erik Vaage har også tre mål. 11 spelarar har teikna seg på skåringslista i vår, saman med to sjølvmål.

I tillegg til å skåre mål, er Jone også god til å legge til rette for mål. Fire målgjevande er han notert med, ein meir enn Sindre Lorentzen på andreplass. Statistikken for målgjevande er ikkje 100%, her må spelarane sjølv vere flinke til å kreve sin rett! Føl med på a-laget si Facebook-gruppe og skrik ut om de ikkje har fått notert ned målgjevande i referata.

Me er ikkje ute etter stygt og unfair spel, men om me har vinnarvilje og trøkker til i duellar så viser gjerne det litt igjen på kortstatistikken. Sju spelarar har hamna i dommarane sine bøker, Ådne Nærheim toppar med tre gule kort, mens seks andre har eitt gult kort kvar. Faktist så står det i krinsen sin statistikk at Ådne fekk to gule kort mot Tasta 2, men ikkje raudt. Så her er det kluss ein stad.

All statistikk for vårsesongen finn de på Harde fakta 2016. Lenka ligg i menyen.