Endeleg rullar fotballen igjen og guttane til Suldal nok ein gong ska i gong med kampane. Den første kampen etter ferien var ein av to bortekampar for haustsesongen og var mottabellnabo Forus & Gausel.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at det kjem til å bli ein hard kamp for å ha nok folk til å fullføre sesongen på grunn av jobb, husbygging, skule og overgang til nye klubber for enkelte. Likevel var det ein positiv gjeng som stilte til kamp på Knudamyrå kunstgras på Gausel.

I mål stilte Arne Vatland frå start og gjorde ein fin figur når han måtte involvere seg. Forsvarsfireren Isak, Ådne, Sigvart og Lars hadde og ein strålende førsteomgang. På sentral midtbane hadde Tore og Ørjan bra kontroll flankert av angrepsvillige Peterson og Andre. På topp kjempa to erfjordbuar godt i form av Hallvard og Erik.
Første omgangen var prega av eit godt bortelag som ville meir enn heimelaget. Dette fekk me eit bevis på allereie etter tre minutt då Peterson etter ein liten sjansebonanza sette ein retur kontant i mål. Herleg start og det var tydelig at dei gulsvarte frå Suldal ville gjennomføre ein god kamp. God kjemping i duellane, truing i bakrom og i det heile tatt god kontroll gjorde at me heile omgongen følte at dette var det kvalitet over. Då fem minutt gjenstod av kampen fekk Suldal ein av mange sjanser på frispark. Frå Ørjan sin gode fot vært frisparket svinga inn i feltet der heimelaget rota ballen i føtene på Ådne, som brende ballen i mål. 2-0 til pause var vel fortjent.

I pausen gjorde Morten nokre rokkeringar i laget. Gunnar og Tom kom inn for henholdsvis Arne og Lars. Erik vart flytta i midtforsvar, Tom tok venstrebacken medan Ådne(?!) tok plassen i mål.

For å gjer eit langt referat kort kan ein bare seie at andre omgong vart det motsatte av av den gode første omgong. Suldal slapp heimelaget inn i kampen og lot dei blåkvite frå Gausel putte både eit og to mål bak ein forfjamsa Ådne i mål. Om ikkje dette var nok presterte heimelaget å gå opp i leiinga på frispark. 0-2 var plutselig snudd til 3-2. Sjølv om dette måtte reknast som ein kalddusj sette Suldal inn ein liten sluttspurt. På eit godt frispark hang Tore godt i lufta og stonga ballen i mål. 3-3 og eit greit resultat sett under eit.

Kampen ebba ut med uavgjort der begge lag hadde ein omgong kvar. Det var mykje positivt å ta med seg heim, men kunsten å halde full konsentrasjon i nitti minutt fortsatt må jobbast med.

Mål/assist
Peterson/?
Ådne/?
Tore/Ørjan

Arne, Isak, Sigvart, Ådne, Lars, Peterson, Tore, Ørjan, Andre, Erik, Hallvard
Gunnar og Tom starta på benken