Heile ni mål på Tore i dag. Trippelt hat-trick!!

Heile ni mål på Tore i dag. Trippelt hat-trick!!

Det blei dusinet fullt på suldalsgutane denne laurdagen. Det er ikkje vanleg kost. Og me fekk noko så uvanleg som ein nimålsskårar!

Litt tilbakeblikk på kamptidspunkt først, noko som slo meldaren for dagen då han gjekk ned bakken frå samfunnshuset til Prestavikjo på det som offisielt skulle vere kamptidspunktet 14.30. I «gamle dagar» var kampstart på a-laget sine laurdagskampar i Vikjo kl 15.00, og ferdig med det. Merkeleg nok har det vorte slik at bylaga ønskjer å komme seg så snart som råd heim til urbane strok, så fleire og fleire lag spurde etterkvart om ein kunne starte kampen eit kvarter før slik at ein nådde ei tidlegare ferje. Greit nok, og me gjekk over til kampstart 14.45, eit såkalla Champions League-tidspunkt som bylaga på terminlistemøta totte var stas. Likevel ville fleire fortsatt starte kampen eit kvarter før, slik at dei nådde ei tidlegare ferje. Dei siste par åra har kampstart derfor vorte sett til kl 14.30, noko som i dag altså førte til eit ønskje om kampstart eit kvarter før slik at ein kan nå ei tidlegare ferje… 

Så då kampen skulle ha starta var den altså eit kvarter gammal, men stillinga var heldigvis 0-0. Suldal hadde stort sett ballen, men fekk ikkje til noko farleg. Siddis hang med i duellane, men nærma seg ikkje Svein Egil Holmestad i suldalsburet. Heimelaget var det førande laget, men det tok nesten ein halvtime før det kom utteljing. Det var ikkje nokon framifrå prestasjon som førte til at Suldal fekk hol på byllen, men Tore Bendiksen Søraas var på rett stad etter klabb og babb i straffefeltet til bortelaget på eit hjørnespark. Tore var sett inn som spiss i dag sidan den vanlege angriparen Hallvard Erfjord skada seg på trening tidlegare i veka. Det skulle vise seg at Tore ikkje var feil mann denne dagen. Heile ni mål skulle han etter kvart notere seg for, noko som i alle fall må vere rekord  i Suldal si fotballhistorie på a-lagsnivå. Me veit at sandbuen er ein alt for god spelar for 6. divisjon, men er svært glade for at han har trappa ned til oss i ledige stunder. Det skal ikkje stikkast under ein stol at han fekk ganske greie arbeidstilhøve i dag, men måten han avsluttar på er det likevel berre og studere. Kaldt og roleg, gjer det enkelt, og tek seg tid til og sjå kva keeper og forsvararar gjer, for så og trygt sette ballen i mål.

Suldal sitt andre mål kom rett etter det første, då Andrè Vatland slo ein glimrande gjennombrotspasning til Tore som var åleine med keeper og roleg sette ballen i mål. Andrè var rett etter frampå igjen, då med spesialiteten sin dribling i fart. Han gjekk forbi backen som skulle passe på han, skar inn mot mål og leverte ballen ferdigskåra til kaptein Jone Utbjoa omtrent på målstreken. Dette var siste kamp for André i suldalsdrakta for denne gong. Han melder nå overgang til Vard. Han er svært motivert for å sjå kor langt han kan nå i fotballsko, og det er derfor mykje fornuft i og gå til eit høgare nivå alt nå. Me ønskjer lukke til!

Me følte vel i pausen at denne kampen eigentleg var avgjort. Siste ti minutt av første omgang var slakk frå begge lag, men det var tydeleg at bortelaget hadde gjort sitt og at Suldal hadde meir og gå på. Det skulle vise seg å stemme. Her blir resten av målskildringane stikkordsprega:

  • 4-0: Erik Vaage legg innlegg til Jone som umarkert får heade ballen i mål.
  • 5-0: Erik er frampå som servitør igjen, denne gong til Tore. Han dunkar inn sitt tredje mål for dagen med eit fint skot.
  • 6-0 og 7-0: Inge Hjorteland kjem inn i andre omgang og gjer eit supert innhopp etter ei god treningsveke. Han fossar  forbi backen sin gong etter gong. To identiske mål der Inge slår inn til Tore, som avsluttar sikkert.
  • 8-0 Erik får spørsmål frå benken om kvifor ikkje han skårar. Svar på tiltale kom ganske kjapt, han måtte berre bomme grovt på ein kjempesjanse først. Erik fekk målet sitt på eit langskot frå omlag 18 meter etter pasning frå Jone.
  • 9-0: Inge finn Tore nok ein gong, denne gong avsluttar Tore med hovudet.
  • 10-0: Erik spelar gjennom til Tore som fintar vekk keeper og set ballen i ope mål.

Så kom det tre minutt der Siddis 2 fekk til litt. Først eit langskot som dundra i tverrliggaren vår, og så var det ein kar som dribla vekk fire-fem suldølar og hamra ballen i nettaket til redusering.

Ein annan ting som er verdt ein kommentar er at trenar Morten Jelsa følte seg trygg nok på siger på stillinga 10-0 til at han bytta inn seg sjølv. Han hadde nå trass alt skifta sidan me hadde få på benken i dag, så det skulle nå berre mangle at han ikkje fekk sveitta litt. Dessutan gav han seg som aktiv før me begynte og notere kampar. Så sjølv om han har spelt mange kampar for Suldal, og ikkje minst Jelsa før, så står han nå med ein kamp i statistikken. (Det vil vere strengt og påstå at Morten hadde skuld i baklengsmålet, men ein kan jo notere seg at det kom etter at han bytta seg inn…)

Dei to sist måla var det Ørjan Underbakke som serverte, først eit gjennomspel til Tore som gjer det enkelt, og til sist eit hjørnespark som endar hos Tore. Han tek ein dragning og skyt ballen kontant i mål. Suldal sitt tolvte og Tore sitt niande mål for dagen. Med det er han nå toppskårar denne sesongen med ti mål, og han tok eit stort jafs innpå Jone i totalt skåra mål for Suldal frå og med sesongen 2009. Tore leia den konkurransen dei første åra, men Jone har gått forbi dei seinare år. Pr i dag står nå Jone med 39 mål, mens Tore har 35.

Suldal spelte ein flott gjennomført kamp, der alle stod på for kvarandre. Nokre periodar, spesielt i slutten av første omgang slapp me oss ned, men det meste av kampen var alle gode til å finne spelealternativ og fekk vist fram at det bur ein god del i desse unge fotballbeina. Det blir mykje fokus på målskårarane i denne kampen, men forsvarsrekka med ein stødig Sigvart Vårvik i førarsetet skal og ha skryt for solid spel.

Det vart altså ein kjekk kamp for Suldal, men det var tydeleg at Siddis 2 nok var eit nummer for små denne laurdagen, noko sisteplassen på tabellen kanskje tyder på. Neste laurdag blir det nok tøffare for oss, når Vaulen 2 kjem på besøk. Så får tida vise kva tidspunkt kampen startar på. Den er i alle fall sett opp til klokka 14.30.

Fakta:

Mål/målgjevande:

28 min: 1-0: Tore/motspelar

30 min: 2-0: Tore/André

33 min: 3-0: Jone/André

49 min: 4-0: Jone/Erik

55 min: 5-0: Tore/Erik

56 min: 6-0: Tore/Inge

65 min: 7-0: Tore/Inge

72 min: 8-0: Erik/Jone

74 min: 9-0: Tore/Inge

82 min: 10-0: Tore/Erik

85 min: 10-1: Siddis 2

87 min: 11-1: Tore/Ørjan

90 min: 12-1: Tore/Ørjan

Gult kort:

Eitt til Siddis 2.

Lag: 

Svein Egil Holmestad – Lars Lavalette, Isak Berge Espe, Sigvart Vårvik, Tom Fisketjøn Wærnes – Erik Vaage, Ørjan Underbakke, Ingve Berge, Jone Utbjoa, André Vatland – Tore Bendiksen Søraas.

Innbyttarar: Mats van Ruiven, Inge Hjorteland, Morten Jelsa.