last-ned

Bjørn gjorde ein fin figur i comebacket

Me hadde tilbakelagt ein flott fredag og Hundvåg stadion låg klar for bataljen mellom eit av puljas formlag og tabelljumboen.

Hundvåg 2 har hatt ein varierende sesong så langt, men kan stille med inntil fem spelerar frå førstelaget sitt som held til to divisjonar over det gjestande laget frå Suldal. Dette kan føre til litt rare resultater då dei gulkledde frå Hundvåg nokre gonger vrakar dei opprinnelige 2 er spelerane sine til fordel for spelerar som har tilbud på eit anna nivå. Dei om det.

Suldal hadde til denne kampen eit sterkt lag med få fravær. Det som var ekstra kjekt var at Bjørn M Steine gjorde comeback etter nokre sesongar i fotballklubben POL frå Stavanger. Bjørn gjorde sine saker bra og vil tilføre laget meir rutine. Ellers starta Svein Egil bakerst og hadde ein ganske rolig kamp sjøl om det vart tre baklengs. Desse måla kunne han ikkje gjera noko med og fekk heller liten hjelp frå dei framfor han. Ein forsvarsfirer med Lars, Sigvart, Ingve og Hallvard hadde til dels store problemer med å stoppe Hundvåg 2 sin raske spiss. Dei måtte og ta i bruk ulovlige midler nokre gonger, der to involveringer resulterte i straffespark. Det eine redda Svein Egil, mens det andre satt i nettet. Ein midbane med Erik, Tim, Jone og Ørjan greide med små unntak og ta tak i kampen og hadde ei rekke skumle pasninger på tvers, som førte til overganger for heimelaget. På topp spelte Tore ein vanskelig kamp med lite å jobbe med med unntak av mange dueller, der forsvaret til dei gulkledde heimespelerane hadde grei kontroll.

Dette høyres kanskje veldig negativt ut og at dei for dagen raudkledde suldølane møtte eit klart betre lag denne fredagskvelden. I sanning kan ein seie at rettferdig resultat hadde vore uavgjort då det var ein kamp prega av mange feil og lite finspel frå begge lag.

Måla til Suldal kom etter eit hjørnespark der Jone ruva godt i feltet og nikka inn 1-0 etter få minutter spelt. Det andre kom etter godt spel på venstrekanten og eit innlegg traff pannebrasken til Tore og i mål. På dette tidspunktet leia me faktisk 2-1.

Hundvåg trakk likevel det lengste strået denne gongen, men Suldal har vist god form denne hausten og vil nok fort vise at denne kampen kun var eit blaff. Neste kamp er heime i Prestavikjo laurdag 24 oktober mot Tasta 2 klokka 14.30.

Mål/assist
Jone/Ørjan?
Tore/Lars?

Laget: Svein Egil, Ingve, Sigvart, Lars, Inge, Erik, Tim, Ørjan, Jone, Hallvard og Tore.
Benk der alle spelte: Bjørn, Tom, Andreas