img_20160925_111158498Da har Suldalsgutane tilbrakt helga i Haugesund på cup. Turen begynnte bra med eit stopp i Ølen fredagskvelden for å spille seriekamp. Den vant gutane 2-0 etter godt spel og god jobbing. Med to kampar igjen i serien har da G15 laget til Suldal 20 poeng og ligg på 4 plass.

Vi reiste rett videre til Haugesund for kveldsmat og overnatting på Haraldsvang ungdomsskule. Laurdag rakk vi ein omvisning på Haugsund stadion for dei innledande kampane begynte. Første kamp må bare gløymast fort. Det så ikkje ut som vi var der for å spele fotball. 0-2 tap for Sveio. I kamp nr 2 mot Trio var der perioder med bedre spel, og Tommy og Arne var ikkje like fortvila på sidelinja, men det vart ett nytt tap (4-2). Så i tredje kampen var det noko så løsna. Alle spelerane var på og Suldal hadde spelet og trøkket heile kampen. 2-0 seier over Austevoll og stemninga for kvelden var redda. Finklærna og hårvoksen kom på plass før turen gikk til byen for mat og disco

Søndag starta med kvartfinale mot Ølen i B-sluttspelet. Jamn kamp som endte 1-1 og straffesparkonkuransen var eit faktum. Ei flott redning av Eskil og iskald skyting sendte oss til semifinale. Her møtte vi Avaldsnes i helgas mest spennande kamp. Utrolig jamspelt kamp som desverre enda med eit 2-3 tap for oss. Da var det bare pakke alle sakene og komme oss heimover. Med 6 kampar i beina er det nok mange som skal sove godt i natt.

Takk til alle for ein kjekke tur!

img_20160924_132343340img_20160924_132334906img_20160924_185152724img_20160924_114518389img_20160924_191423362