Ingve før sin 101. a-lagskamp på førstelaget.

Ingve før sin 101. a-lagskamp på førstelaget.

Ingve Berge vart førstemann til å runde 100 kampar for Suldal IL sitt a-lag etter at statistikken tok til i 2009.

Bortekampen sist helg 16. september mot Hundvåg 2 var den store jubileumskampen, og dette vart markert med blomar og gåvekort før han skulle spele sin 101. kamp, denne gong mot Tasta 2 i Prestavikjo. Det vart dessverre 3-2-tap i den 100. kampen, men det skal ikkje ta æra av prestasjonen.

Ingve er framleis berre 22 år gammal, og kan fort komme til å runde fleire hundrekamparsmarkeringar om han held fram. Han bør ha lenge igjen som fotballspelar! Dei første åra var Ingve keeper, og A-lagsdebuten fekk Ingve mot Midtbygden i den andre kampen i 2009-sesongen. Då vart han bytta inn i ein vanskeleg bortekamp på stillinga 3-0 til Midtbygden, og kunne lite gjere for og snu den kampen. Det vart ein kamp til i 2009, den siste i 3-0-sigeren mot Lura. I referatet frå den kampen står det: Yngstemann på laget Ingve Berge erstatta eldstemann Erik W. Vold i mål då det var spelt ein time. Ingve viste godt blikk for spelet og var vaken ute og klarerte fleire gjennomspel. Han hadde og ein glimrande redning då ein Lura-kar kom laus frå Tor Arne Sigstad sitt jerngrep og avslutta med eit hardt skot. Flott innhopp!

Det vart to kampar i 2010-sesongen, for det var ikkje lett og ta keeper-plassen frå Erik W. Vold og Tor Hallvard Århus i desse sesongane. Men så, frå 2011 vart Ingve fast mellom stengene. Dette var tøffe år, for me mista heile stamma i laget vårt etter 2010-sesongen fordi me vart flytta opp i nordfylket i 2011. Derfor vart det mange turar inn i nettet for og hente ballen, men Ingve vaks som keeper og viste spesielt gode eigenskapar ein mot ein.

Dei siste sesongane har han teke steget ut på banen, og spelar nå både midtbane og forsvar. Ingve er ein av dei som alltid stiller opp, og kryssar av i kalenderen når terminlista er klar. Derfor har han komme opp i så mange kampar i ung alder. Slike folk er viktige for oss, og me håpar han heng med i 15 år til! Sjå elles adelskalenderen sesong for sesong for kor mange kampar han, og andre, har hatt dei siste seks åra.

PS: Ingve har også spelt 12 kampar for Suldal sitt 2’er-lag på seniornivå.

PPS: Det er fleire som har spelt over hundre kampar for Suldal. Det er nok mange kandidatar frå dei gjeve generasjonane på 80-, 90- og 2000-talet som har både 100 og 200 kampar, og kanskje meir enn det og. Dessverre har me ikkje statistikk på dette.