Med siger i dag, kunne Suldal innta tabelltopp. Og trur du jammen ikkje det vart nok ein bortesiger!

Den sentrale midtbana med Tore og Rene vart avgjerande i dag og.

Den sentrale midtbana med Tore og Rene vart avgjerande i dag og.

Det var mange forfall til denne kampen, men det visste me på førehand. Fire stykk var alt reist til Malta for å feire Øystein V. sitt brullaup. Dessutan var sisteskansen Erik W. og oppteken. Dermed var det duka for come-back i Suldalsmålet av Tor Hallvard Aarhus, noko han kom svært godt ut av.

Kampen gjekk på Humpen på Buøy, ein bane me har gode minner frå etter at me slo a-laget deira i Rogalandscupen det året Viking gjesta Vikjo. Etter den tid har dei lagt kunstgras, og med regn i lufta fekk ballen stor fart i stussen. Dette gjorde at det vart ein del feilpassningar dei første 10 minutta. Men etter kvart fekk Suldal spelet til å sitje. Mange fine kombinasjonar, veggspel og overlappingar gjorde at heimelaget vart til dels utspelt i periodar. Spesielt var Robert Sjøholt god og ivrig etter å komme på overlappingar frå back-posisjonen sin. Til liks med dei andre var han god i dag. Tore Sørås var og stor på midten og gjorde ein kjempejobb både som ballvinnar og ballfordelar.

Solid come-back av Tor Hallvard. Nils Arne har spelt eit par kampar før...

Solid come-back av Tor Hallvard. Nils Arne har spelt eit par kampar før... For å sjå meir enn berre halve målvakta, må du klikke på biletet.

På tross av fint spel, vart det likevel ikkje spesielt farleg framfor mål. Øystein Nærheim var vel nærast med eit par skot frå distanse. Det såg ut til at laga skulle gå til pause med to smultringar i protokollen, men det ville ikkje Tore ha noko av. Etter spel på venstresida med Robert og Vidar Hilde, fekk Tore ballen på ca 23 meter. Han såg ei opning og fyrte av. Han traff klokkeklart og ballen fekk Ronaldo-dupp og fauk inn i mål ved stolpen to minutt før pause. Eit kjempemål og stor vitamininnsprøytning.

Etter pause var det Buøy 2 som var mest aggresive og gjekk for utlikning. Dei pressa på ei stund, men forsvaret med Odd Åsgeir Lunde – omskolert for høvet – som den dominerande rei av stormen. Og då Buøy 2 fekk frispark på 16,2 meter og ballen for forbi muren, var Tor Hallvard der og fanga ballen trygt. Tor Hallvard spelte ein flott kamp etter mange år ute frå seriefotballen.

Etterkvart avtok presset frå heimelaget, og dette nytta Suldal seg av. Sju minutt ut i andre omgang kom Tore rundt på høgrekanten. Frå hjørnet av 16-meteren slo han ein flott passning mot bakre stolpe. Der venta Bjørn M. Steine og stanga ballen i nota. Nok eit flott mål, og Bjørn sitt første for sesongen. Han har tidlegare sagt at han ville vente med å skåre til me verkeleg trong det. Det viste det seg at me gjorde i dag!

Men så datt Suldal ein del i prestasjonane og innsatsen. I staden for å drepe kampen med eit tredje mål, slapp dei Buøy 2 inn i kampen igjen. Det vart litt puslete og tafatt, og motstandarane kom til fleire halvsjansar. Ein halvtime ut i omgangen kom reduseringa. Buøy 2 fekk hjørnespark. Eit hardt innlegg vart kontant hedda inn bak ei sjanselaus målvakt. Dermed vart det kamp igjen. img_0186

Det siste kvarteret vart nok Suldal pressa ein del bakpå, men dei hadde og kontringssjansar som fort kunne ha resultert i mål. Dagens sitat kom i denne perioden då Tor Arne Sigstad på svar på kvifor han ikkje gjekk fram på hjørnespark: «Eg vil heller ha tre poeng enn eit mål!» Den eigentlege grunnen var nok at han ikkje orka!

Den dagen Suldal greier å vere like skjerpa og presise heile kampen som dei var til tider i dag, ja då kan det bli skikkeleg bra. Nå skal denne karamellen nytast over helga, resten av Malta-fararane kan reise med godt samvit, så er me tilbake til null i neste veke. Fredag om ei veke skal Suldal verkeleg vise om dei har noko i toppen å gjere. Då ventar dei som nå vart forbigått, Figgjo, på bortebane. Det blir tøft, men gutadn likar det!

Fakta:

Mål:

0-1: 43 min: Tore Sørås

0-2: 52 min: Bjørn M. Steine

Gule kort:

Tore Sørås + tre(?) til Buøy 2

Vinjar Låjen sine poeng:

3 poeng: Tore Sørås

2 poeng: Odd Åsgeir Lunde

1 poeng: Tor Hallvard Aarhus

Spelarar:

Tor Hallvard Aarhus – Nils Arne Moe, Tor Arne Sigstad, Odd Åsgeir Lunde, Robert Sjøholt – Øystein Nærheim, Tore Sørås, Rene Adjemi, Vidar Hilde – Vegard Aas, Bjørn M. Steine

Innbyttarar: Espen Overskeid, Sigvart Vårvik, Ådne Nærheim