To mål og ein målgjevande på Hallvard.

To mål og ein målgjevande på Hallvard.

Det vart eit målrikt og spennande oppgjer i Prestavikjo då tabellnabo Finnøy kom på besøk.

Finnøy starta sesongen strålande og toppa lenge tabellen, men har vist noko dalande formkurve i haust. Suldal derimot hadde marginene mot seg i sesonginnleiinga, men har sakte og sikkert etablert seg på øvre halvdel. Før kampen var Finnøy på 3. plass og Suldal på 4. plass, og slik er det framleis etter kampen.

Det var gjestene som kom best i gong og fekk det første målet etter eit innlegg, men Suldal svarte. Tom Fisketjøn Wærnes slo opp til Erik Vaage. Erik stussar ballen vidare til Hallvard Erfjord som lobbar ballen sikkert i mål til utlikning 1-1.

Så var det Finnøy sin tur igjen. Nok eit innlegg, i feltet var det lite markering og dei fekk upressa heada i mål. Dermed måtte Suldal på ny hente inn forspranget. Det ordna spissparet vårt igjen, med same rekkefølge som sist. Erik vann duell på midten. Hallvard viste styrke  og vann mann mot mann-duellen på pasningen og var nok ein gong sikker i avslutninga. Det stod 2-2 til pause i ein omgang gjestene starta best, men der Suldal etter kvart kom meir med i kampen.

Etter pause vart det ein spennade og intens omgang. Begge lag ville verkeleg vinne denne kampen, og det var nok meir kjemping, innsats og engasjement enn fin fotball. Likevel var det svært kjekt for oss på sidelinja og vere tilskodar desse 45 minutta. Sugande løp, tøffe taklingar og litt småampert der og då, slik at dommaren fekk jobbe for løna. Til tider var det svært høgt tempo fram og tilbake, så roa det seg noko ned i periodar, men heile tida var det nerve. Spesielt spennande var det det siste kvarteret.

Først vart Hallvard spelt fri slik at han og målvakta til Finnøy var åleine på banehalvdelen til motstandaren. Hallvard runda keeper, men kom for langt ut på sida slik at han ikkje fekk sett ballen i mål. Direkte etter dette gjekk Finnøy i angrep. Dei kom seg inn i straffefeltet vårt. Der vart det kamp om ballen, suldølen stod, øybuen for i bakken og dommaren bles straffe. På sidelinja var nok både heime- og bortelaget sine representantar einige om at det var noko lettkjøpt, men slikt er det lite ein kan gjere noko med. Straffe vart det, og den blei skote ned mot keeper sitt venstre hjørnet. Godt plassert, men målvakta vår Andreas Groven var på plass og redda. Herleg, og fortent!

Dette vart ei vitamininnsprøyting for Suldal, og nå var det  me som jaga. Erik serverte to mål til spisskollega og sambygding Hallvard i første omgang. Nå var det Hallvard sin tur til å betale tilbake. Han gjekk i duell med keeper, returen gjekk til Erik som sette ballen i ope mål. Ei deilig 3-2-leiing, og berre fem minutt igjen. Finnøy såg rett og slett litt resignerte ut, dei stressa og fekk ikkje til så mykje i jaget på utlikning. Så skjedde jo det som ikkje skulle skje. På overtid laga me frispark 20 meter frå målet vårt. Andreas i mål redda skotet, men måtte gi retur. Den var det ein raudkledd Finnøyspelar som var først på, og han fekk klemt lærkula i mål. Dermed vart det 3-3.

Surt at me mister sigeren på slutten, men ein må nok seie at det var rettvist at det vart poengdeling. Det var to lag som kjempa tappert og kom tilbake sjølv om dei låg under, og dei skapte ein flott fotballkamp for både seg sjølv og for dei som var og såg på. Nå er det to kampar igjen før sesongen er slutt: Borte mot suveren tabelltopp Tjensvoll og så siste kamp heime i lokaloppgjeret mot Hjelmeland 15. oktober. Den kampen bør flest mogleg få med seg!

Fakta: 

Mål:

1-1: Hallvard Erfjord. Målgjevande av Erik Vaage.

2-2: Hallvard Erfjord. Målgjevande av Erik Vaage.

 

3-2: Erik Vaage. Målgjevande av Hallvard Erfjord.

Gule kort: 

Ingve Berge og Hallvard Erfjord.

Lag:

Andreas Groven – Tom Fisketjøn Wærnes, Isak Berge Espe, Sigvart Vårvik, Lars Lavalette – Inge Hjorteland, Ørjan Underbakke, Tim Sparchholz, Ingve Berge

Innbyttarar: Tor Arne Sigstad, Espen Josdal