km-rs-2016-2Årets KM Rulleski vart arrangert i den nye rulleskiløypa på Hovden forrige helg. Suldal IL stilte med ein stor tropp og syntes godt både i løypa og på sigerspallen.

Suldal IL sine hovudsponsorar bør være godt nøgd med eksponeringa denne helga. Kor enn du snudde deg såg du Suldal IL sin svarte overtrekksdress med fargerike sponsormerke. Med heile 13 unge utøvarar på startstreken og tilhørande «støtteapparat» var vi ein av dei aller største klubbane på arrangementet.

For årsklassene frå 13 år og eldre vart det kjempa om KM medaljar. Åsne Kristensen Hoftun i J13 har vore skada i heile sommar. Med eit spinkelt treningsgrunnlag kom ho på 6. plass, men gjennomføringa viste at ho blir svært farleg til vintersesongen. Sindre Vik i G14 var uheldig med sjukdom rett før rennet, men ein sterk 7. plass i ei hard klasse tydar på at han er i god rute til vinteren. Ingeborg Kristensen Hoftun i J16 har vore med i toppen i fleire år og denne sesongen blir ikkje noko unnatak. Ho var med frå start og kom til slutt på 3. plass og tok Suldal IL sin einaste KM medalje. Gratulerer så mykje med bronsen Ingeborg. Vebjørn Nerheim i M19-20år melder om ei god treningshaust. I rennet spelte ikkje kroppen på lag så Vebjørn måtte bryte, men han blir heilt sikker å finne i toppen utover vinteren.

For årsklassene 11-12år var det sonerenn, og i J12år har Suldal IL tre jenter som går frykteleg fort på ski. Maria Lunde og Silje Nerheim har etablert seg heilt i toppen av klassa og det viste dei til fulle denne helga. 2. plass til Maria og 4. plass til Silje i den harde klassa er imponerande. Gratulerer begge to. Mest imponerande var likevel innsatsen til debutanten Anna Krogh. Anna var på si første rulleskitrening for fire veker sidan, og nå i helga kom ho på 6. plass etter 4.5km i ei hard rulleskiløype. Her er det ingenting å seie på talentet og motet og Suldal IL gleder seg til fortsettinga.

For årsklassane 8-10år var det og sonerenn, men her blir ikkje løparane rangerte. Her stilte Suldal IL med Daniel Bakka i G8år, Thomas Bakka i G9år, Marte Krog i J9år, samt Mathea Vik, Ella Tjøstheim og Nora Nerheim i J10år. Etter å ha sett desse gå er det inga tvil om at Suldal IL har ei stor framtid. Her var det verkeleg trøkk, innsats og ikkje minst stor fart. Det gjekk faktisk så fort at alle hadde vore med å kjempa om topplasseringar om det hadde vore rangering.

km-rs-2016-1Suldal IL er svært nøgd med både klubbhelga og KM rennet på Hovden. Det har vore mykje moro og mange gode treningsøkter. Vi er serleg glad for å ha med så mange nye løparar og håpar ennå fleire blir med på nesteskirenn og klubbhelg på Hovden 9-12. desember.

Skrivar: Alf Odden