I siste bortekamp for sesongen var det puljevinnar Tjensvoll som skulle få bryne seg på Suldal sine beste menn. Været i Stavanger var strålande og alt låg til rette for det som skulle bli ein målrik batalje.

Det var heimelaget som starta målshowet etter få spelte minutt med flott spel som enda med eit innlegg frå venstre, som spissen i gult lett kunne sette bak målmann, Svein Egil hjå bortelaget. Ein skulle tru at dette tidlege målet ville ta litt energi frå det unge mannskapet frå Suldal, men noko som har imponert underteikna mest denne sesongen er evnen dette laget har til å kjempe seg inn i kampane. Denne kampen var heller ingen unntak. Hallvard, som var frisk på topp jaga nok etter ein lang ball frå Tom til at forsvaret til Tjensvoll byrja å rote. Ein målmann på bærtur hjalp heller ikkje på situasjonen og sprinteren frå Erfjord kom ut av situasjonen med ball i beina. Frå litt skrått hold sette spissen ballen i mål. 1-1 og kamp igjen. 2-1 leiinga til heimelaget skulle nok ein komme frå deira venstreside der vingen feira hadde ein god omgang. Han skar seg innover og avslutta sikkert bak Svein Egil. Nok ein gong skulle bortelaget komme til utligning. Erik fekk ballen frå Hallvard  og plasserte enkelt ballen i nettet og dei raudkledde frå Suldal hadde nok ein gong utligna leiinga til topplaget. Det var likevel heimelaget som skulle gå til pause med 3-2 leiing. Eit ganske likt angrep som det første målet kom på enda nok ein gong i suldalsmålet. Fortjent nok, men Suldal var ikkje mykje dårlegare enn motstanderen.

I pausen snakka Morten om at gutane måtte senke skuldrene og få litt meir presise pasninger.

Suldalslaget som gjekk ut på banen etter pause virka heiltent. Spesielt Lars var verkeleg påskrudd og hadde mange bra involveringer. Trøkket frå suldalsgutane skulle etterkvart resultere i mål. I enden på ein pasning frå Ørjan var selvfølgelig Hallvard, som var involvert i alle måla. Han lot seg ikkje be to gonger og sette sitt andre for dagen. 3-3 og nytt liv i kampen.Då om lag tjue minutt gjenstod av kampen kunne Hallvard fullføre sitt hattrick etter at forsvar og målmann til Tjensvoll rota det til nok ein gong. Etter eit godt oppspel frå Lars var den blide erfjordbuen både god og heldig slik at han kom på åpent mål. Han gjorde ingen feil og Suldal opp i 4-3 leiing. Det skulle bli nokre nervepirrende minutt etter dette. Tjensvoll pressa og hadde ein del dødballer som kunne blitt farlige. I denne perioden stod Isak fram og fekk rydda godt unna ved fleire anledninger. Sjøl ved god kjemping og herlig moral er det ingenting å seie på at heimelaget skulle få med seg noko ut av denne kampen. Eit velplassert skot frå om lag seksten meter smaug seg inn ved eine stolperota til Svein Egil fem minutt før slutt. 4-4 og litt surt, men likevel fortjent utligning. Stillinga stod seg til kampens gode dommar bles av kampen.

Ein god kamp der Suldal var gode til å ødelegge for finspelet til heimelaget. Det var det desidert beste laget i pulja me møtte denne fredagen og uavgjort er eit godt resultat.
Til helga kjem Hjelmeland til Prestavikjo til sesongens siste kamp. Ved tre poeng i denne kampen vil Suldal ende på ein heiderleg fjerde plass denne sesongen.
Møt opp til kampstart laurdag 15 oktober klokka 14.00

Mål/assist
Hallvard/T om
Erik/Hallvard
Hallvard/Ørjan

Hallvard/Lars

 

Svein Egil, Tom, Sigvart, Isak, Mads, Lars, Ingve, Jone, Bjørn, Hallvard, Erik
Benken der begge fekk speletid: Ørjan og Espen J