Dagens lag: Framme frå venstre: Daniel Berge Espe, Mats van Ruiven, Ørjan Underbakke, Svein Egil Holmestad, Tim Sparchholz, Jone Utbjoa, Hallvard Erfjord, Christer Hansen. Bak frå venstre: Lars Lavalette, Andreas Groven, Bjørn Madland Steine, Isak Berge Espe, Tommy Hegland Espe, Tor Arne Sigstad, Morten Jelsa (trenar).

Dagens lag: Framme frå venstre: Daniel Berge Espe, Mats van Ruiven, Ørjan Underbakke, Svein Egil Holmestad, Tim Sparchholz, Jone Utbjoa, Hallvard Erfjord, Christer Hansen. Bak frå venstre: Lars Lavalette, Andreas Groven, Bjørn Madland Steine, Isak Berge Espe, Tommy Hegland Espe, Tor Arne Sigstad, Morten Jelsa (trenar).

Siste kamp for sesongen var mot Hjelmeland, og ein skulle tru at sesongavslutning og lokaloppgjer skulle gi ein tett og fartsfylt kamp. Det var det ikkje.

Det starta friskt for Suldal, det første kvarteret var den beste perioden i heile kampen, og det vart rulla fram fleire gode angrep. Me såg speleglede, løpsvilje og samspel. Her var det berre spørsmål om når leiarmålet vårt skulle komme. Dessverre kom det aldri, og Hjelmeland blei med i kampen. Midtpartiet av første omgang var prega av feilpasningar frå begge lag, og bortelaget nærma seg vårt mål. Suldal tok litt meir over mot slutten av omgangen, men makta aldri å komme til store målsjansar i medvinden.

Andre omgang vart eit langt geisp for tilskodarane. Hjelmeland var dei som ville mest, men baud ikkje opp til festfotball. Heimelaget såg rett og slett ut til å ha tatt ferie ein omgang for tidleg. Endå verre vart det då gjestene kontra 12 minutt inn i andre omgang. Det såg ut til at me hadde kontroll på den lange ballen som blei slått, men me vart for forsiktige då me skulle skjerme ballen inn til keeper. Angrepsspelaren deira fekk lurt til seg ballen og putta den lett i mål. Dei neste 25 minutta var ikkje kjekke frå ein suldalspatriot sine augo. Spelarane spelte ein og ein, og når ein ikkje hadde ballen stod ein stort sett og såg på. Dette var ikkje bra. Nå såg det håplaust ut!

Heldigvis fekk me ei vitamininnsprøyting med oss inn i vinteren på slutten. Etter klabb og babb rundt Hjelmeland sin 16-meter, fekk Tommy H. Espe sett foten på ballen og skote den inn i nettmaskene bak Hjelmelandskeeperen. Om Tommy fekk ekstra energi av og ha to søner på banen er ikkje godt og seie, men rett før hadde 15-åringen Daniel Berge Espe komme inn og fekk sin debut på a-laget. Frå før spelar jo som kjent Isak Berge Espe i midtforsvaret. Dette målet var viktig for oss, mykje betre at me får avslutte med mål og poeng, enn å tenkje på at det siste me gjorde i 2016-sesongen var ein tam og slapp omgang.

Alt i alt må ein seie at det har vore ein godkjent sesong. Sesongen starta svart, med 8-2-tap mot Storhaug, men etter dette har me absolutt minst vore jamne med motstandarane. Me fekk tre kjappe eitt-målstap og så eit tre-målstap mot den suverene puljevinnaren Tjensvoll tidleg i vår, men etter det har me seks sigrar, fire uavgjort og berre eitt tap. Hadde me vore meir samspelte i vår, samt greidd å vinne nokre av dei mange uavgjorte kampane, ville me ha kunne kjempa om 2.-3. plass. Nå vart det ein heiderleg 4. plass.

Fakta:

Mål:

57 min: 0-1: Hjelmeland

82 min: 1-1: Tommy Hegland Espe (fekk ball frå motspelar)

Gule kort:

To til Hjelmeland

Lag:

Svein Egil Holmestad – Mats van Ruiven, Isak Berge Espe, Tor Arne Sigstad, Lars Lavalette – Inge Hjorteland, Ørjan Underbakke, Jone Utbjoa, Tim Sparchholz – Bjørn Madland Steine, Halvard Erfjord

Innbyttarar: Christer Hansen,Tommy Hegland Espe, Andreas Groven, Daniel Berge Espe,