Skitreninga for 1. – 4. klasse startar opp i morgon tysdag 18. oktober kl 18.00 – 19.00 på Vinjar skule.

1. -3. klasse har si trening  inne i gymsalen. Ta med innesko og drikkeflaske med vatn.
4. klasse har si trening ute. Hugs drikkeflaske, treningsklede og joggesko til å vera ute.
Dei i 4. klasse som har vore med på Stig Morten si rulleskitrening kan vera med han i morgon også. Dei må ta med rulleski, hjelm og refleksvest.

Velkommen til nye og gamle skiløperar