Isak var ein av fem som spelte 15 kampar i år.

Isak var ein av fem som spelte 15 kampar i år.

Det var heile fem spelarar som delte på tittelen «flest kampar» i år.

Ingve Berge pleier alltid og gjere det godt i denne tevlinga. I år får han følge av nevø Isak Berge Espe, samt Lars Lavalette, Jone Utbjoa og Tom F. Wærnes. Flott jobba!

Det er elles kjekt og sjå at det er mange spelarar som ha fått ti og fleire kampar i år. Det betyr at trenar Morten Jelsa har hatt fått ein stamme han kan gå utfrå, og ein får betre kontinuitet i laget. Tre karar har 14 kampar, og ytterlegare fem har 10-12 kampar.

Totalt har 32 spelarar aksla suldalstrøya i år, fem av desse kun for ein kamp.

Suldal 2 har brukt 19 spelarar på kampane sine i 7’er-divisjonen i år. Her har eg ikkje tal på kor mange kampar kvar og ein har.

Kjekt og sjå at gamle heltar har gjort come back både på Suldal 1 og Suldal 2. Me kan nemne spelarar som Rene Adjemi og Torstein Erfjord på Suldal 2, og Tor Arne Sigstad, Bjørn Madland Steine, Arne Vatland, Christer Hansen, Tommy H. Espe og Morten Jelsa på Suldal 1.

Heile oversikta finn de på Harde fakta.