Onsdag 23 november kl 19 arrangerar skigruppa grunnleggjande smørjekurs på samfunnshuset på Vinjar. Kurset er for alle, men det er spesielt retta mot foreldre som ikkje har noko særleg erfaring frå før med å preparera ski.

Me går gjennom grunnleggjande ting med både glid og feste, og det viktigaste av alt, du skal få prøva sjølv.

Ta med eit par ski som du kan øva deg på,det er fint om dei er reine for gammal smurning. Er dei ikkje det går det og fint ,me har utstyret som trengs.

Me held resten av utstyret som trengs.

Møt opp,inga påmelding!