1. plass med hendene i veret: Sven, Rune Andre og Sveinung. 2. plass til venstre: Bjørn, Lars og Sigvart. 3. plass til høgre: Tom, Sindre og Erik W.

1. plass med hendene i veret: Sven, Rune Andre og Sveinung.
2. plass til venstre: Bjørn, Lars og Sigvart.
3. plass til høgre: Tom, Sindre og Erik W.

Litle nyttårsaftan gjekk 2016-versjonen av nyttårsturneringa til fotballgruppa av stabelen.

26 spelarar melde seg klar til dyst, men grunna skranten helse og bilkjøp som drog ut i tid, var det 24 karar som var klar då Svein Øystein Berge og Jon Bråtveit bles i gong cupen. Dermed vart det åtte lag dette året. Som vanleg melder ein seg på individuelt, og så blir laga trukke ut av arrangøren. Laga blir delt i to puljer, der dei to beste går til semifinalar og bronse- og finalekamp.

Kvar kamp varer i sju minutt, så det er lenge nok til at ein kan komme tilbake etter å ha fått mål i mot, og til at ein kjenner det svir både i muskulatur og lunger. Det var høg innsats, men fint spel som haldt seg godt innanfor reglementat. Trur kanskje at dommarane Svein Øystein og Christer Hansen bles omlag ein gong kvar for ureglementert framferd.

Etterkvart som kampane i puljene skreid fram, viste det seg at det var enkelte lag som skilde seg ut som meir solide enn andre. I pulje 1 gjorde lag 3 med Bjørn Madland Steine, Sigvart Vårvik og Lars Lavalette reint bord; tre strake sigrar og 7-1 i målforskjell. Kampen om andreplassen var desto jamnare, og alt vart avgjort i siste puljekamp. Her gjorde lag 4 det klart at det var dei som skulle vidare ved å vinna den viktige kampen 4-0. På dette laget spelte Sveinung Steine, Rune André Laugaland og Sven Kolstø. Vidare i siste liten der, altså.

I pulje 2 var det og eit lag som vann alle dei tre kampane sine, lag 5 med Thomas Brustveit, Vidar Jørgensen og Ørjan Underbakke. Målforskjellen deira vart solide 9-3. Også i denne pulja vart det avgjerande kva som skjedde i siste kampen med tanke på den viktige andreplassen, men med 4-2-siger tok lag 6 med Tom Fisketjøn Wærnes, Erik Walter Vol og Sindre Madland Steine seg vidare til finalespelet.

I semifinalane viste det seg at det var laga frå pulje 1 som var sterkast: Lag 3-Lag 6: 2-1  og Lag 4-Lag 5: 3-1.

Finalane vart dermed reprise frå puljespelet, og det er tydeleg at viljen til revansje var sterk. I bronsefinalen var det aldri tvil om at Lag 6 skulle slå tilbake 2-0-tapet frå innleiande runde, heile 5-2 slo dei puljevinnarane med. Tom, Erik W. og Sindre kom dermed på 3. plass.

Den store finalen kom og til å enda med motsett resultat enn i  første oppgjeret mellom Lag 3 og Lag 4. Då vann Lag 3 heile 3-0, men veteranane på Lag 4 hadde nå fått maskineriet i gong, og spesielt Sven var kvass. Gledelege takter for mannen som gjer come back på a-laget i år. Han sette inn begge måla i finalen, først på eit skot frå kanten, og så etter fint veggspel med Sveinung. Sistnemnde utmerka seg i finalen med omlag tosifra antal langskot som var nære på å gå inn, og bak hadde Rune Andre stålkontroll. Dei kunne dermed løfta hendene i veret for turneringssiger, mens Bjørn, Sigvert og Lars måtte ta til takke med andreplass.

Gratuelrer med innsatsen til alle mann. Neste år satstar me på eit par lag til, og gjerne med deltakarar av begge kjønn.

Lag 1  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Tom Ove Lunde
Jone Utbjoa
Tommy Espe
Lag 2  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Isak Berge Espe
Kjetil Steinbru
Tor Inge Bråtveit
Lag 3  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Lars Lavalette
Sigvart Vårvik
Bjørn Madland Steine
Lag 4  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Sveinung Steine
Rune André Laugaland
Sven Kolstø
Lag 5  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Thomas Brustveit
Vidar Jørgensen
Ørjan Underbakke
Lag 6  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Erik Walter Vold
Sindre Madland Steine
Tom Fisketjøn Wærnes
Lag 7  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Daniel Berge Espe
Torjus Steine
Helge S.Lauvsnes
Lag 8  OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Erik Vaage
Simmen Bratland
Hallvard Bakka
Øyvind Gjuvsland (ikkje på bildet)