Treningsstart for a-laget.

Treningsstart for a-laget.

Me startar med trening for a-laget onsdag 4. januar.

Då blir det trening i Prestavikjo kl 19.30. Håpar alle er klar og stiller presis slik at me kjem i gong med mange folk då. Både nåverande og tidlegare a-lagsspelarar må møta!

Jon Bråtveit administrerer kven som leiar treningane. I utgangspunktet tek Øystein Nærheim dette på onsdagar. Arne Vatland stiller både måndag og onsdag når han er heime. Måndagane vil ein veksle mellom kven som styrer treningane. Forutan Arne vil nok tidlegare hovudtrenarar som Morten Jelsa, Simmen Bratland og Jon Bråtveit dukka opp her. Eit samarbeid med G15/G16-laget med Tommy Espe som trenar vil vera aktuelt måndag og/eller onsdag. Detaljer for dette kjem seinare.

I Stavanger så blir det innetrening for dei som har bidratt for Suldal IL sitt 11’er- og 7’er-lag i 2016 på Gausel skole onsdag 4. januar kl 19.00. Tor Olav Berge er administrator her. Me må dessverre styre litt kven som kan vera med her, for salen er vesentleg mindre enn den som me ha vore på i Godalen tidlegare år.

Vidare blir treningane førebels slik:

  • I Suldal dersom banen i Prestavikjo er bar:
    • Måndag kl 19.30
    • Onsdag kl 19.30
  • I Suldal dersom det ligg snø/is på banen:
    • Måndag kl 20.00 i gymsalen på Vinjar skule
    • Torsdag kl 20.00 i Suldalshallen (kun januar og februar)
  • I Stavanger:
    • Onsdag kl 19.00 i gymsalen på Gausel skole
    • Sannsynlegvis to utetreningar på Våganes IL sitt anlegg. Treningstider her kjem.