Klikk på bildet for betre oversikt og namn på spelarar. Takk til Tor Kåre Fisketjøn for foto.

Spelarstatistikken for Suldal a-lag skal nå vera up-to-date.

Sist lista over spelarar med offisielle kampar for Suldal IL sine seniorlag vart oppdatert, var etter 2013-sesongen. Sidan den gong har 22 nye spelarar debutert for Suldal sitt a-lag i 6. divisjon, eller for Suldal 2 sitt 7’er-lag i Stavanger. Dermed er me oppe i heile 220 spelarar som har aksla suldalstrøya frå oppstarten i 1977 og fram til og med 2016-sesongen.

Hadde det ikkje vore for eit par år opphald i 1989-1990, så ville me i år hatt 40 sesongar med a-lagsfotball. På grunn av pausen vil 2017-sesongen bli den 38. sesongen totalt, og den 27. på rad. Men i år er det altså 40 år sidan Suldal IL første gong hadde eit a-lag! På denne tida har me og hatt heile 20 trenarar, så trenarane varer ikkje så lenge.

De kan studera oversikten over trenarar og spelarar nøye på sida Spelarar og trenarar for Suldal a-lag 1977–> , som de finn i menyen til venstre.