Ingve før sin 101. a-lagskamp på førstelaget.

Etter siste oppdatering har nå Ingve Berge blitt første og førebels einaste spelar med over 100 kampar for a-laget etter 2009.

Fram til i år er det broder Tor Olav som har vore på toppen av denne lista, men må nå sjå seg slått av litlebror, i tillegg til Jone Utbjoa. Jone nærmar seg jubileum, han har 95 kampar før 2017-sesongen tek til. Er det andre som greier å runda den magiske grensa i år?

Det er 93 spelarar som har spelt for Suldal sitt a-lag i 5. eller 6. divisjon sidan me tok til å telja kampar i 2009. Det skal vel kanskje noko til for at me rundar 100 spelarar denne sesongen.

Suldal 2 har ikkje ført nøyaktig kampantal etter 2013, men etter dette har me registrert at 11 nye spelarar har spelt kampar, slik at det nå er 80 stk som har spelt for Suldal 2 frå 2009.

Alt i alt er me nå innom dei fleste krokane av Suldal på desse listene, bortsett frå Hylsstronda. Foldøy fekk inn sin representant på 2’er-laget i fjor.

Oversikta finn de på Adelskalenderen Suldal IL 2009–> , som sjølvsagt ligg i menyen til venstre.