I fine, men litt tunge snøtilhøve stillte vel 60 deltakarar til start i årets Mosvatnet Rundt. På grunn av overvatn på Mosvatnet gjekk løparane i staden tre rundar ut frå lysløypa og forbi Hedlebrekk. Vinnarane i den lengste løypa blei Audun Laugaland og Gunnbjørg Hetlesæter, begge frå Hjelmeland. Nytt av året var at det også blei arrangert skirenn med fellesstart for dei yngste. Innsatsviljen var stor og om nokre år ser me nok desse i den lengste løypa også.

Resultat Mosvatnet Rundt 2017