Etter at treningskampen mot Etne vart avlyst var det fint for oss at POL var i Suldal på treningshelg og kunne stille på kort varsel.

Sytten karar i alle aldrer satt i garderoben å fulgte godt med på dagens taktikk ein time før kampstart. Dagens coatch, Tor Olav ønska tempo når me vann ball og mykje bevegelse i alle ledd. Me skulle trø til frå start for å få ein god start og sette oss i respekt. At desse orda sette seg hjå spelarane skulle me få bevis på frå første spark på ballen.

Dommar i første omgang, Svein Øystein bles i gong kampen presis klokka 12.00. Akkurat like presist skulle suldalsgutane angripe eit POL lag på treningssamling. Flotte bevegelser og gode pasninger prega heimelaget, som har vist prov på mykje god fotball i vår. Hallvard var aktiv på topp og skulle etterkvart få sine to fortjente mål. Det første på eit fint gjennomspel frå midten, det andre eit klasseangrep med Daniel og Jone Utbjoa i regien. Det varmer å sjå gutane i gult spele så god fotball. Ein livlig Tim på høgre kant skar seg gjennom bortelaget si forsvarsrekke​ og vart felt rett før han skulle avslutte. Straffen sette Jone U kontant i mål. Straffe nummer to for dagen skulle dei blå frå Tasta få. Sjøl om Svein Egil i suldalsmålet var nær redning sneik ballen seg inn til redusering. Då omgangen var i ferd med å ebbe ut med 3-1 leiing til Suldal, kom Hallvard seg til innlegg frå høgresida. I enden av pasningen var Wegard Strøm, som sette ballen i mål. Ei herleg 4-1 leiing til pause var eit faktum.

Ein særs nøgd Tor Olav oppmoda til å halde trøkket oppe og kjøre overganger som i første omgang. POL på si side foretok seg ein del taktiske trekk, som skulle vise seg å endre kampbildet i andre omgang.

Kampens omgang nummer to var ikkje meir enn ti minutt gammal før bortelaget hadde redusert til både 4-2 og 4-3. Suldalslaget hang etter, men skulle vise seg å mane til kamp mot ei fremadstormende blå bølge. Me stod opp, bretta opp armene og jobba for kvarandre slik eit lag skal. Me scora ingen mål i andre omgang, men me viste oss som eit godt forsvarslag. Det er godt å sjå at me også besitter denne egenskapen. Etter den gode starten på omgangen makta ikkje POL å score fleire mål og då dommar i andre omgang, Joakim Radlgruber bles av kampen var det til seier til Suldal.

Ei god gjennomføring med mange byter mot ein god motstander må ein seie at det var. Mykje av det me snakka om før kamp vart utført og spelerane responderer bra på måten me ynskjer å framstå. Neste treningskamp er neste helg, 1 april mot Hjelmeland i Prestavikjo.

Laget: Svein Egil, Daniel, Sigvart, Sven, Lars, Ingve, Ørjan, Jone U, Espen L, Hallvard, Tim, Øyvind, Håkon, Tor Olav, Jone O, Dawud, Yemane, Wegard