Me skulle komme til mai før Suldal sine lovande i gult og svart skulle få sin første kamp for sesongen. Etter at Siddis 2 ikkje kunne stille til kamp i april, vart det Storhaug i Stavanger som vart ilddåpen.

Storhaug var i underteikna sine auge favoritt til opprykk i fjor, men må ta nok ein sesong i 6 divisjon før dei mot all formodning kjem til å ta førsteplassen i vår pulje. Favorittstempelet til tross skulle kampen spelast og guttane frå Suldal skulle gi dei raudkledde frå Storhaug kamp om poenga.

Før kamp snakka me om å ligge godt i systemet og forsvare oss kompakt, men likevel angripe med tempo og trøkk. Dette har fungert godt i treningskampane mot Tasta 2 og POL og er ei god oppskrift på korleis me skal spele på bortebane denne sesongen.

Kampen starta slik me hadde håpa med at laget låg kompakt og gav heimelaget lite rom. Det var likevel ingen tvil om kvalitetene i dette storhauglaget er bra og dei holdt ballen fint i laget og hadde god kontroll på vår unge angrepstrio i form av Erik, Magnus og Tim.

Etter tjuefem minutt skulle konsentrasjonen svikte hjå bortelaget og “rullegardina” gjekk fullstendig ned i ein kort periode. Først er forsvaret vårt på etterskot, 1-0, så ein uheldig målvakt, 2-0 før forsvaret vårt igjen sovna på post og slapp inn 3-0. Litt typisk oss at de får denne ketchupeffekten, men me kunne ikkje anna gjer enn å stå opp å jobbe. Resultatet held seg til pause. Forsåvidt fortjent leiing til heimelaget, men surt at måla kjem på slik måte.

I pausen vart me enig om å fortsette vårt spel, men at kommunikasjon og trøkk i taklingar måtte opp mange hakk. Underteikna, som denne kampen var lagleiar følte at laget responderte bra på det som vart sagt og at me hadde mykje å spele for.

Andre omgang starta med eit bortelag med ny energi og mykje meir på enn i første omgang. Det var meir “guts” i gutane og me stod opp i duellane. Storhaug fekk verkeleg kjenne at gutane frå bygda vill kjempe sjøl om me låg under med tre mål. Sjansane var ikkje mange, men på frispark fekk me mykje nestensjansar. Ein for dagen svak dommar burde i alle fall ha tildelt oss eit straffespark, noko Storhaug sine spelerar kunne bekrefte at hadde vore greit. Moralen i dette laget er herleg og reduseringa skulle etterkvart komme. Med vel eit kvarter igjen av kampen fekk Ingve ballen på sytten meter. Eit fint tilslag fekk ballen ein fin boge og fauk over heimelagets målmann. 3-1 og eit fortjent mål. Resten av kampen var ein stillingskrig der heimelaget “surfa” inn seieren.

Alt i alt ein fin kamp av Suldal tross tap. 3-1 tap på ein liten bane som me ikkje er vane med å spele på med to debutantar på laget. Magnus på 14 år gjorde ein fine figur på topp i 90 minutt, mens Håvard imponerte på venstre kant i vel 30 minutt. I tillegg fekk Daniel på 15 år spele 35 minutt på høgre back.
Kjekt å sjå moralen og viljen i dette laget. Her er det mykje bra å ta med seg til bortekampen mot Vaulen 2 fredag 19 mai.

Mål:
Ingve
Laget:
Svein Egil, Daniel, Bjørn, Sigvart, Tommy, Isak, Ingve, Jone, Erik, Magnus og Tim
Benk: Ørjan, Håvard, Glen spelte, mens Tor Olav var ubenytta reserve.