6. div: Suldal – Tasta 2 1-2 (0-2)

Første heimekamp for sesongen skulle bli ei steikande heit førestilling.

Ikkje først og fremst på grunn av det som gjekk føre seg av spel og spenning på banen, men mest på grunn av den steikande heita som plutseleg kom, og så forsvann i løpet av ei strålande langhelg. Temperaturen var oppe i 28 grader fleire stadar i dalen denne dagen, og Prestavikjo er nok ein av dei varmare stadane ein kan vera når sola står på og vinden er fråverande. Det vart derfor ein skikkeleg kraftprøve for Suldal og Tasta 2. 

Etter tre poeng på walk over og to 1-3-tap, var det på tide å få inn poeng på ærleg vis. Treningskampen mot Tasta 2 i vinter vitna om at det burde vera mogleg.

Kampen starta med at Suldal hadde ballen og presset. Det unge laget viste fram godt spel, gode bevegelsar og kom til enkelte halvsjansar og ein gigantisk dobbelsjanse som me dessverre ikkje greidde å putta i nettmaskene. Det lova bra, men når me ikkje greier å gå i leiinga etter å ha dominert stort det første kvarteret, så sig det seg inn ei kjensle om at motstandarane greier å svara. 21 minutt ut i omgangen kom svaret. Dei greidde å etablera press i vår 16-meter, me var ikkje dyktige nok til å klarera, og dermed fekk ein motspelar ballen upressa inne på 5-meteren. Svein Egil Holmestad i suldalsburet kunne lite gjera med den halvslarvne lobben som kom, og me låg nok ein gong under denne sesongen.

Då gjaldt det å bruka overtaket me trass alt hadde i banespelet til å redusera, men i staden slo Tasta 2 kontra seks minutt seinare. Ein kvitkledd siddis gjekk på løp frå midtbanen, og pasninga kom på perfekt tidspunkt i bakrommet, slik at mannen på løp kom åleine med målvakta vår. Han runda Svein Egil fint, og kunne setja ballen i eit tomt mål, trass ganske spiss vinkel. Plutseleg stod det 0-2, og det såg ut til å bli ein tung jobb i varmen å svara på dette.

Resten av omgangen dreidde seg om å komma i posisjon igjen og ha tru på at det skulle gå å få mål.

I pausen vart det ein del bytter. Nokon måtte på jobb, andre kjende det i ryggen, mens alle kjende at det tek på å springa i ein slik tropeheite. Det siste var nå likevel likt for begge lag.

Andre omgang starta som den første; med massivt press frå Suldal, inkludert nok ein kjempestor dobbelsjanse. Tasta 2 var heldige her, kun ei rumpe hindra redusering. Utover omgangen skulle det visa seg at det for Suldal vart ein kamp for å få mål, mens det for Tasta 2 var ein kamp for å halda leiinga og ri i land ein siger. Suldal haldt fram med å visa godt spel, haldt posisjonar, gjekk på løp og prøvde på avslutningar, men det vart sjeldan veldig farleg. Bortelaget var gode til å forsvara seg, og hadde nokre rutinerte luringar som kunne halda på ballen og få tida til å gå.

Etter 83 minutt fekk me endeleg hol på byllen. Bjørn Madland Steine forserte fram på høgresida og la inn til nokon som prøvde å klarera. Klareringa gjekk i beina på Erik Vaage, og han kunne endeleg setta ballen i mål. Det var endå håp, for det var signalisert betydeleg tilleggstid. Det gjekk nemleg ikkje særleg fort når Tasta 2 skulle setja i gong spelet etter dødball….

Resten av kampen vart det stort press, men dessverre ingen store nok sjansar til at me greidde utlikning.

Mykje godt spel frå vår keeper og fram til me skulle avslutta, men me vinn ikkje kampar om me ikkje greier å få ballen i mål. I dei to siste kampane har motstandarane uttalt at det var ufortent at dei vann, men så lenge dei skårar meir enn me, så er det dei som skal ha poenga, ikkje me. Me tek med oss spelet vidare, men må bli tøffare og meir handlekraftige og nøyaktige innanfor begge 16-metrane om me skal greia å vinna. Laget vårt er ungt, så me lærer framleis. I dag fekk me og ein ny debutant, Dawud Ibrahim. Han kom inn på venstre ving, og hadde eit strålande innhopp! Han viste god sjølvtillit og fleire gonger dribla han seg forbi oppassaren sin og kom til gode innlegg. Me skulle ha putta ein av dei og…..

Neste helg er det bortekamp mot Forus og Gausel 2. Kan me omsetta spel i mål då, tru?

Fakta: 

Mål: 

21 min: 0-1: Tasta 2

26 min: 0-2: Tasta 2

83 min: 1-2: Erik Vaage (Bjørn M. Steine)

Gult kort:

Til begge lag. Sigvart Vårvik for Suldal.

Lag: 

Svein Egil Holmestad – Tim Sparcholz, Sven Kolstø, Isak Berge Espe, Håvard Fattnes – Erik Vaage, Ingve Berge, Ørjan Underbakke, Glenn Søraas – Bjørn Madland Steine – Magnus Søraas

Innbyttarar: Daniel Berge Espe, Sigvart Vårvik, Dawud Ibrahim,

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>