6 div avd 3: Vaulen 2 3-1 Suldal

Fredag 19 mai var me klare for nok ein tøff bortekamp i Stavanger. Denne gongen gjekk turen til Vaulen for å møte dei orange veteranane til dyst om poeng.

Hjå oss i Suldal har me tru på ungdommen og lar flest mogeleg få prøve seg i løpet av sesongen. Dette var også tilfellet denne kampen der me stilte med to brødrepar i troppen i Magnus og Glen Søraas på henholdsvis 14 og 18 år. Daniel og Isak B Espe på 15 år og 19 år var også med. I tillegg var Håvard Fatnes på 16 år med. Ein ung tropp med andre ord, som me kun ser positivt på i Suldal. Vaulen 2 satse vel heller motsatt av oss der knapt ein einaste av spelerane var under 35 år og fysikk skulle var nøkkelen til suksess over dei gule og svarte frå Ryfylke.

Taktikken vår va som sist kamp mot Storhaug med kompakte lagdeler og kontring med raske vinger. Mykje av dette fungerte godt i første omgang sett bort eit hjørnespark der markeringane svikta totalt. Dette var sjansen Vaulen 2 skulle ha for å gå opp i leiing. Som sist kamp var me likevel vitne til eit suldalslag som nekta å gi seg, og me skulle ikkje vente lenge før Ørjan sendte i vei eit godt skudd mot målet til heimelaget. I fin bue fauk ballen over ein forfjamsa målmann og 1-1 var eit faktum. Herleg!! Resten av kampen var ein stillingskrig der me verka klare til kamp med gode duellar og bra jobbing av samtlege. Ein god omgang der uavgjort til pause var eit rett bilete av kampen så langt.

I pausen rosa lagleiar Tor Olav laget for bra moral og at me måtte fortsette i samme leia i andre omgang.

Mot Storhaug hadde me ein dårleg første omgang, mot Vaulen skulle me få ein dårleg andre omgang. Mykje av grunnen til at denne omgangen ikkje var tilfredsstillande var alle bytene me måtte gjer. Ikkje at dei som kom inn gjorde ein dårleg figur, men at me stadig måtte rokkere på laget, som igjen fører til usikkerhet. Me byrja å slå fleire feilpasningar, slutta å gå i duellar, kommunikasjonen var dårlegare og det verka som me ikkje ville det same som i første omgang.

Etter eit frispark kom 2-1 leiinga til heimelaget. Ein presist slått ball inn i feltet blir truffet av eit vaulenhovud. Svein Egil som var veldig god denne kampen hadde ikkje sjanse på headingen og ballen for i mål. Rett før slutt vart den berømmelege spikeren slått hardt nedi suldalskista. Eit gjennomspel traff ein offsideplassert vaulenspiss, som fekk lov å fortsette sitt løt mot Svein Egil. Enkelt kunne han sette ballen i mål til 3-1. Kampen ebba ut med dette resultatet og nok eit bortetap var eit faktum.

Igjen hadde me ein god og ein mindre god omgang. Likevel så tar me med oss dei positive tinga og vil jobbe med å forbedre dei mindre positive elementa. Neste bortekamp er fredag 2 juni mot Forus og Gausel 2.

Mål:

Ørjan

Laget: Svein Egil, Sven, Sigvart, Isak, Erik, Ingve, Ørjan, Bjørn, Håvard, Magnus og Glenn

Benk: Daniel (45 min), Johannes (ca 30 min). Tor Olav var ubenytta reserve nok ein gong😊

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>