6 div avd 3: FGI 2 3-1 Suldal

Nok ein bortekamp, nok et 3-1 tap, Forskjellen fråd ei andre kampane var at dette var eit særs ufortjent resultat der Suldal burde putta 4-5 og 6 mål. Likevel deles det ikkje stilpoeng i fotball, så om ein hverken klarer å tette igjen bak, eller sette sjansene våre vil det bli som det vart denne fredagen.

Dei andre bortekampane hadde me ganske unge lagoppstillinger, men i denne kunne me slå til med både Tore Søraas (snart 30), Bjørn M Steine (snart 30), Tommy H Espe (snart 42), Rene Adjemi (snart 37) Dette er spelerar som kjem inn med rutine og «pondus» slik at me kan matche motstander på akkurat dette.

Me begynte kampen i formasjonen som Antonio Conte i Chelsea sverger til. Sindre, Sigvart og Sven danna trioen bakerst, med Tommy og Erik som vingbacker. På deffensiv midtbane hadde me Rene og Ingve med Ørjan i ein meir offensiv midtbanerolle. På topp skulle Tore og Bjørn score våre nødvendige mål. På benken var Daniel, Håvard, Jone Gjertsen og Tor Olav.
Kampen starta med eit overtak frå oss med fleire gode angrep som ikkje resulterte i dei største sjansane. Likevel var det eit «sting» i oss og me burde absolutt tatt betre vare på mulighetene. Likevel var det heimelaget frå Forus og Gausel som skulle ta leiinga. Eit uorganisert suldalsforsvar langt ut av posisjon vart fullstendig tatt på senga av ein pasning i bakrom. I soleklar onside kunne den blåkvite angriparen frå heimelage sette ballen i mål aleine med Svein Egil i målet vårt. Ganske ufortjent, men likevel var me komme bakpå i ein god periode av oss. Ikkje lenge etter målet skulle me få straffe då Tore vart felt innanfor deira sekstenmeter. Forståsegpåarar vil nok seie at den som vert felt ikkje skal ta straffen sjøl. Tore beviste at dette kan stemme då han brente straffen rett på heimelaget sin målmann. Kjedelig, men me stod på og skapte fleire gigantiske målsjanser utover omgangen utan uttelling. Ti minutt før pause var forsvaret vårt litt på usikre igjen og Svein Egil litt ukonsentrert, då heimelaget skulle få nok eit mål. Nok ein gong eit altfor enkelt mål som me skaper for dei.

Det var 2-0 til pause, men me følte likevel at sjansane ville komme i andre omgang også. Det er ikkje ofte me snakkar om at ein lett bør kunne ta igjen to mål, men nå gjorde me det.

Me gjorde eit byte i pausen med Sven ut for Håvard for å kanskje få litt meir fart i laget. Tommy gjekk bak i midtforsvar og Håvard ut på vingbacken.

Me fortsatte som i første omgang med å trykke på mot heimelaget. Med ca femten minutt igjen av kampen skulle me endeleg få mål ved Bjørn. Sjøl om mange kan seie at han stod i offside vart målet ståande og me satsa høgare for å få utligning. Ein del nestensjansar vert det, men då Forus og Gausel kontra inn 3-1 var det slutt for oss.
Eit kjedeleg resultat der me burde fått med oss tre greie poeng. Mykje fungerte bra, men mål er det viktigaste i fotballen. Me må begynne å score i tillegg til å tette bakover. Me har fått fleire altfor enkle må i mot. Neste kamp er heime mot Hjelmeland laurdag 17 juni.

Mål/assist
Bjørn/Erik
Laget: Svein E, Sven, Sindre, Sigvart, Tommy, Erik, Rene, Ingve, Ørjan, Tore, Bjørn
Benk: Daniel, Håvard og Jone G med speletid. Tor Olav kjefta på sidelinja heile kampen

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>