Frå fotball.no Foto: Thomas Brekke Sæteren

Norges fotballforbund i Rogaland arrangerer gratis trenarkurs for damer: NFF Grasrottrenaren.

 
15.-16. september kan alle damer som har lyst få gratis trenarkurs hos Haugar i Haugesund. Det hadde vore svært kjekt om me kunne senda mange damer på dette. Nåverande og framtidige fotballmødre, tanter, bestemødre eller ungdommar som kunne tenka seg å læra det grunnleggande innan fotballtrening. Same kurset blir halde i Stavanger hos FK Vidar 1.-2. september.
 
Sjå meir informasjon på fotball.no 
 
Om du berre er litt interessert, så sender du ein e-post til fotball@suldal-il.no . Diskuter det gjerne på Facebooksida til Suldal IL. Det er ikkje berre menn som kan vera fotballtrenar!
 
Og du treng ikkje nødvendigvis bli trenar sjølv om du tek kurset, men du får heilt sikkert endå meir glede av å følgja opp ungar på trening og kamp.
 
Loddet er herved kasta til å få med endå fleire damer i fotballen i Suldal Me treng dykk!
Menn som ønskjer å kursa seg må sjølvsagt også ta kontakt på fotball@suldal-il.no . Me ønskjer å kursa så mange som mogleg!