Før haustsesongen tek til, kan det vera greitt og lesa seg opp på statistikken frå i vår.

Poengmessig kom me ikkje særleg godt utav den første halvdelen av sesongen. Me har spelt seks kampar, i tillegg til ein kamp me vann på walk over. Seks spelarar har spelt alle seks kampane.

Me skåra for lite mål, og det viser igjen på Harde fakta. Seks personar har teikna seg på skåringslista, og Ingve Berge og Erik Vaage er dei einaste som har putta meir enn ein ball i mål. Desse to deler toppskårarlista med to mål kvar.

Målgjevarlista er ikkje heilt fullstendig, men Ingve Berge er den einaste som står oppført med meir enn ein målgjevande pasning. Han har to.

Fem personar har fått gule kort, Sigvart Vårvik er den som har utmerka seg og står med to gule i våre statisikkar.

For utfyllande informasjon, kan de klikka dykk inn på sida Harde Fakta 2017. Lenkje er i menyen til venstre.