Siste kamp for vårsesongen var mot Hundvåg 2 på Hundvåg stadion. Før kampstart fekk me spørsmål om heimelaget kunne bruke ei uregistrert spelar fordi dei var så få spelerar klare til kamp. Dette sa me sjølvsagt nei til. Då me kom inn i garderoben hadde dei ikkje bare mangel på spelarar, dei hadde også gløymt å printe ut dommarkort. Det var tydeligvis ikkje å oppdrive printer på Hundvåg, så kampen måtte spelast uten at me egentlig visste kven me spela mot. Ein ganske bisarr situasjon, men me starta kamp klokka 18.00 som planlagt.

Me starta kampen bra og hadde mykje av overtaket frå start av. Bevegelser og tempo var bra, men me sleit med å komme til dei største sjansane. Då kampen var ca 20 minutt gammal fekk Suldal frispark frå omtrent 18 meter. Ingve lada kanona og sette ballen i mål via muren til dei gule frå Hundvåg. Fortjent etter ei god innleiing av bortelaget som for dagen spelte i raude drakter. Som så ofte før denne sesongen skulle me sleppe oss et hakk ned og heimelaget byrja å komme til småsjansar. Rett før pause skjedde det som ofte skjer mot oss, men som ikkje skal skje. Litt for enkelt fekk ein i gult slå ballen inn i feltet, og litt for enkelt fekk ein annan i gult boltre seg i feltet. 1-1 og nok ein gong eit surt mål i mot.

I pausen snakka me om å fortsette med det trøkket me hadde i første del av kampen. Me måtte heva oss eit par hakk, så ville måla komme.

Sjøl om alle var enige om kva som måtte gjerast i andre omgang såg det ut som me ville det motsatte av det me hadde snakka om. Der me ofte vann duellar, tapte me. De me slo gode pasningar framover, der bomma me. Det var rett og slett vondt å sjå laget slita så forferdelig. Likevel hadde Tor Olav føling av at me kunne og burde vinne denne kampen. Det vart gjort eit taktisk grep der me skulle kjøre på med tre spissar. Tanken var at me skulle ligge kompakt og eksplodere i angrep når me vann ball. Dette skjedde ikkje og me fortsatte å la eit ganske svakt Hundvåg 2 lag få eit par dødballer som dei var småfarlige på. Det var også ein dødball som skulle gi heimelaget tre poeng denne kampen. På eit hjørnespark rett før slutt heng me ikkje med i det heile tatt og etter fleire duelltap endar ballen i mål bak Svein Egil. Kampen ebba ut med eit 2-1 tap.

Eit surt tap der me kanskje burde var litt obs på kva Hundvåg 2 held på med før kampstart. Dei fekk inn to spelerar i andre omgang som var med og tok tak. Desse stod ikkje på noko dommarkort og gjer det framleis ikkje. Noko muffens har skjedd her, utan at me skal spekulere for mykje. Me tapte ikkje på grunn av dommarkort, me tapte fordi me var elendige i andre omgang. Det vert ikkje mange poeng om me fortset slik.

Mål
Ingve
Laget: Svein Egil, Håvard, Sigvart, Robert, Sven, Bjørn, Ingve, Rene, Glenn, Tore S, Erik
Benken der alle fekk speletid: Dawud, Ørjan og Magnus