Haustsesongen starta likt vårsesongen, med kamp mot Siddis 2. Det vil seie at Siddis 2 måtte trekke seg frå første kampen i sesongen, grunna for lite folk. Det er ofte lenger å reise til Suldal for by-laga, enn for oss å reise til Stavanger. Til dette oppgjeret i slutten av august var det me som hadde ein del forfall, men me klarte å stable fjorten staute karar til dyst på ærverdige Siffen til kamp mot rosaskjortene.

Då underteikna kom til baneområdet var det ein lystig og lattermild gjeng som stod utanfor garderoben og venta. Om det var at dei gleda seg til kamp eller det faktum at Dawud hadde tatt oppvarminga i form av el-sykkel i plassen for taxi frå Fiskepiren til stadion vites ikkje. Uansett eit godt teikn med godt humør og positivitet i garderoben før ein ganske viktig kamp.
At det var ein viktig kamp der me kunne ta oss et godt hopp bort frå nedrykk betydde at poenga som låg i potten ville være svært kjærkomne. Siddis 2 låg før kampen kun to poeng bak oss, og ville med siger gå forbi oss. Sjølv om det var ein sekspoengs-kamp var ikkje dette eit tema då Tor Olav gjekk gjennom laget og måten vi skulle spele på.

Me gjekk ut i ein 4-5-1 formasjon der Svein Egil sjølvsagt starta i mål. Framfor seg hadde han ein firar med Jone Gjertsen, Sven, Johannes og Håvard. Den sentrale midtbanen danna Rene saman med Peterson og Erik. Magnus og Espen spelte på kvar sin kant og dagens kaptein, Ørjan starta i den noko uvandte rolla som spiss. Tor Olav, Rodas og el-sykkelgutten, Dawud på benken.
Me starta bra denne kampen og pressa heimelaget skikkelig dei første tjue minutta. Presset mot heimemålet førte til ein del nestensjansar og eit par relativt store. Underteikna hadde verkeleg på følelsen av at me ville få eit mål ut av presset. Likevel var det litt som ein del andre kampar i år at det var motstandaren som skulle få det første målet. Etter eit utspark frå Svein Egil fekk ein Siddiskar stå upressa å heade ballen til ein like upressa lagkamerat. Passivt av forsvaret og enkelt for mannen i rosa å sette inn leiinga. Kjedelig, men dessverre ikkje sjokkerende sett i lys av tidlegare kampar denne sesongen. Sjøl om me fekk mål imot var det likevel positivitet i gruppa inn mot pause.

I pausen prøvde me å fokusere på det positive som hadde skjedd i pausen. Me har ofte hatt ein litt negativ pauseprat der fokus på kva me gjer feil overskyggar det me har gjort bra. I første omgang var dei positive tinga fleire enn dei negative, sjøl om sistnemde kunne bli av det avgjerande slaget.

Me starta andre omgang likt som den første. Laget låg ganske godt i formasjon og me hadde betre kontroll enn i første omgong. På høgresida vår verka det som at Magnus hadde bestemt seg for å ta tak i kampen, og dette skulle etterkvart resultere i utleiing. Etter ein pasning langt bak i banen, fossa unge Søraas framover, skar inn mot mål, runda målmannen og fekk tuppa ballen i mål. Herlig spel av unggutten, som fekk seg ein smell med heimelagets målmann og måtte ut ei lita stund før han kom innpå igjen. Deilig med mål, men den gleda skulle vise seg å være av det kortvarige slaget. På avsparket var tydeligvis alle suldalsspelerane på andre tankar enn der de skulle vera. Målmannen vår var langt ute og lagkameratane hans stod i ei klynge og prata (om kva vites ikkje) då Siddis 2 fekk lov av dommar å sette i gang spelet. Frå midtstreken skaut spissen til heimelaget ballen i det tomme suldalsmålet. Forferdelig svakt av laget og ekstremt klønete av samtlige.

Utover i omgangen gjorde me ein del endringar grunna skader og mista initiativet i kampen. Det var derfor avgjerande når me fekk komme oss inn i eit bra spelemønster igjen då det gjenstod om lag tjue minutt. Me vant mange ballar, hadde god kontroll bakover og var nær ved å skape nokre gode sjansar på gjennomspel til angriparane våre. Me begynte å få gang igjen og jaget etter utligning skulle etterkvart resultere i mål. Eit flott gjennomspel frå Rene enda hjå Espen , som flott sende ballen forbi ein utrusande heimekeeper. 2-2 og fortsatt fem minutt igjen. Me fortsatte trykket på heimelaget og fekk alle sjansers oldemor heilt på tampen. Magnus utfordra nok ein gong det rosa forsvaret på fart, fossa forbi midtstopparen deira, men skaut slik at målmannen klarte å slå ballen et par meter frå mål. Espen plukka opp den lause ballen og skulle bare sette ballen i mål. Kun ei heltmodig redning på strek på Espen si avslutning hindra oss i å ta med tre poeng etter denne kampen.

Som oppsummering er det ein kamp med både strålande prestasjoner og det totalt motsatte. Me er bra i denne kampen i store deler, men to situasjonar der me tydeligvis ikkje var påskrudde gjer at me fekk eit par baklengs. Likevel er dette eit greit resultat sett kampen under eitt, og me kom endeleg frå ein bortekamp med poeng. Viktig å unngå tap, men litt surt å nesten ta med oss alle poenga.

Mål/assist
Magnus/Jone G
Espen/Rene

Gule kort: Rene

Laget: Svein E, Jone G, Johannes, Sven, Håvard, Rene, Erik, Peterson, Espen, Magnus og Ørjan
Benken der alle spelte: Dawud, Rodas og Tor Olav