G8-laget gjorde reint bord i Hjelmeland!

I helga stilte Suldal IL med to lag i Hjelmeland Sparebank-cup: G8 og G10. Begge laga gjorde god innsats!

Det er ikkje så ofte at Suldal IL sine aldersbestemte lag reier utanbygds for å spela cup. Det håpar me og gjera noko med i åra framover. I år har me hatt lag med på cup i Sauda, på Tau og nå på Hjelmeland. Kan hende får me eit lag med i Røldalscupen og.

I klassen G8 hadde me med sju ivrige som til vanleg spelar på miniknottlaga våre. Petra Odvodyova melder følgande:

Samuel, Ondra, Daniel, Simon, Tor Olav, Anders og Ola var fantastiske. Dei har spelt 3 kampar og vann ALLE!

Suldal – Staal3 (lag fra Jorpeland) 2:1
Suldal – Staal1                           5:0
Suldal – Hjelmeland2                  5:0
Det var ikkje populært å stå i mål, keeperen hadde ingen jobb og kjeda seg veldig.

G10-laget. Tøffe jenter som stiller i gutaklassen!

Mina Lunde var ansvarleg for laget og Mikkel Kral var trenar. Mikkel var kjempefornøyd med  jobben til gutane, dei var interesserte i å spela skikkeleg fotball og spela fair play, dei kjempa for å få ballen, prøvde å trikse, var alltid på plass og ikkje minst – dei samarbeida saman. Det var fantastisk

fellesarbeid og veldig fin fotball. Takk for laget denne gongen.

G10-laget bestod av både gutar og jenter frå knottalaga våre. Dei tapte dei to første kampane sine med eitt mål, før dei vann den siste kampen 2-0. Dette var sterke resultat, melder Torbjørn Indrebø. Alle var godt fornøgde.