Saman med Hjelmeland og Sauda skal me i år arrangere Ryfylke Rulleskicup. Første renn blir tysdag 5. september kl. 18.30 her ved Vinjar skule. Dei som er frå 8 år(2. klasse) og som har gått rulleskirenn før kan bli med på rennet som går på vegen mellom Eplehagen og Mehushaugen. Ein melder seg på via Min Idrett eller sender ein e-post med namn og alder til ski@suldal-il.no innan 3. september. Dei som er nybyrjarar og/eller ikkje har gått rulleskirenn før (1. -5. klasse) blir med på rulleskileik på parkeringsplassen ved skulen. Alle som er med får premiar! Påmelding ved start.
Dei som ikkje har rulleski sjølve får låna av idrettslaget.
Det blir ikkje vanleg trening denne dagen, men leik, moro og fart på Ryfylke Rulleskicup!

Invitasjon Ryfylke Rulleskicup 2017