Her skulle me hatt bilete av ein av målskårarane, men det ser ut til at fotografen må bli meir aktiv. Arkivbildet av Peterson er nok frå då han var 13 år, og Magnus har så langt lurt seg unna…

Det vart ein artig og spennande a-lagskamp i flott haustvêr i Prestavikjo denne laurdagen. Dessverre var det få som fekk sett kampen, sikkert mykje grunna Suldalscupen.

Sist helg spelte me uavgjort 2-2 mot eit av botnlaga, mens i dag vart det same resultatet mot topplaget Storhaug. Sist helg burde me absolutt ha vunne, denne helga må me vel kalla uavgjort for ein halv siger. Før kampen, både då dei entra banen til oppvarming og under sjølve oppvarminga, såg gjestene mykje større, sterkare og meir tende ut enn våre karar. Det var vaksne og atletiske menn som varma opp i raude drakter. Det er tydeleg at dette laget kjempar for å rykka opp i 5. divisjon.

Då kampen starta, var det og gjestene som kom godt i gong, men Suldal evna og forsvara seg godt og rei av dei første ti minutta. Så kom me meir og meir med i kampen. Det var glød i spelarane, forsøk på kombinasjonsspel, og ikkje minst var det fullt fokus på å komma på rett side etter å ha mista ballen. Derfor var det synd at Storhaug gjekk opp i leiinga akkurat då me var komne med i spelet. Referenten hadde eit anna fokus akkurat då målet kom, men registrerte at ballen for inn i nettmaskene nede til høgre for målvakta vår Svein Egil Holmestad.

Når eit topplag får første målet, får dei ofte blod på tann. Heldigvis viste Suldal god moral og styrke, og kom  seg etter kvart lenger fram på banen. Då halvtimen var spelt, viste Espen Josdal fram finter og innleggsfot han sjølv var overraska over at han hadde. Han stod med ballen ved hjørneflagget og ryggen mot mål. Plutseleg gjorde han ei vending som lurte vekk forsvararen, han kikka opp og sendte i veg eit glimrande, hardt innlegg mot fem-meteren. Her kom leigesoldaten Peterson Tijhuis stormande, tok sats og hang og venta på ballen. Då ballen kom fram, stanga han det kontant inn i nettet. Eit flott mål som åleine var verd prisen for ein kaffikopp i kiosken! Me har hatt stor glede av Peterson i dei siste to kampane, men nå reiser han tilbake til studier i Nederland. Då blir det litt langt å reisa for og stilla til kamp…

Berre nokre minutt seinare greidde me å halda presset på Storhaug. Me fekk frispark på kanten av 16-meteren. Ørjan Underbakke slo godt inn i feltet. Storhaug fekk sendt ballen ut, men rett i fanget på Magnus Søraas som på 18 meter plukka ned ballen, la den til rette og sendte den rett i mål. Skåring frå guten, som nettopp er blitt 15 år, i andre kamp på rad, og me var i leiinga! Ut omgangen var Suldal verkeleg på hogget, denne leiinga skulle ein ri inn til pause, noko me greidde.

I andre omgang var det tydeleg at Storhaug jakta utlikning og siger. Dei hadde ballen mest og kom til nokre sjansar. Det var nok fortent at dei fekk ei utlikning. Den kom på ein av fleire farlege dødballar. Storhaug slo gode dødballar, og dei hadde mykje tung skyts som dei kunne senda inn i feltet. Derfor er det svært gledeleg at me berre slapp inn eitt mål på desse sjansane. Me har tidlegare vore for dårlege i duellspel i feltet. I dag var me tøffe og gode. Svein Egil i mål er uredd og grip inn, samtidig som at han er blitt god til å prata og dirigera. Me må og skrøyta over forsvarstrioen vår i dag, Sven Kolstø, Erik Vaage og Håvard Fatnes. Dei var tidleg inne i alle situasjonar og var grunnfjellet som gjorde at midtbanen og spissane våre fekk gode arbeidstilhøve framover.

Me var ikkje svært langt unna å få kontra inn eit tredje mål mot slutten, men me må verkeleg vera nøgde med både prestasjon og resultat i dag. Lagleiar Øystein Nærheim, med god hjelp frå kampvert Christer Hansen, kan ta helg med godt samvit.  Så er det litt merkeleg å tenkja på at me hadde fått mykje betre betalt på tabellen om me hadde vunne sist kamp og heller tapt i dag. Det viser betre igjen på tabellen å slå nabolaga enn å ta poeng av topplaga, men du verda kor god kjensle kampen i dag gav!

Fakta:

Mål:

20 min: 0-1: Storhaug

30 min: 1-1: Peterson Tijhuis, målgjevande av Espen Josdal

37 min: 2-1: Magnus Søraas, målgjevande frå motstandar

2. omg.: 2-2: Storhaug

Lag: 

Svein Egil Holmestad – Sven Kolstø, Erik Vaage, Håvard Fatnes – Dawud Ibrahim, Ingve Berge, Jone Utbjoa, Peterson Tijhuis, Magnus Søraas – Ørjan Underbakke – Espen Josdal

Innbyttarar: Rodas Teklay, Glenn Søraas, Daniel Berge Espe