A-lagskampen som skulle vore spelt laurdag 9. september er avlyst.

Me har fått melding frå Vaulen om at dei ikkje greier å stilla lag til helga. Suldal vinn dermed kampen 3-0 på walk over, og får tre poeng.

Det er kjekt med poeng sidan me ligg på nedre halvdel av tabellen, men som me dessverre har skrive på denne heimesida litt for mange gonger etterkvart: Me ville heller ha spelt kampen.

Neste kamp blir borte mot Tasta 2 fredag 15. september. Neste heimekamp er laurdag 23. september mot Forus og Gausel 2.