Med siger i dag mot laget som ligg sist på tabellen, ville plassen i 6. divisjon vore ganske sikker. Slik gjekk det ikkje. 

Kampen starta bra, Suldal var med i spelet og fekk det første målet etter ni minutt Me kom fint fram på høgrekanten med Ingve Berge. I feltet både høyrde og såg han Bjørn Madland Steine. Innlegget var presist, o Bjørn kunne plassera ballen trygt i mål. Flott start!

Så var det slutt. Me gav frå oss initiativet. Heimelaget sette i gong eit høgt press der heile laget deira var gode til å stressa oss opp. Me lot oss stressa, og resten av kampen blei ei historie om personlege feil og kollektiv resignasjon. Den positive innsatsen som kom frå våre spelarar blei sporadisk og individuell. Me greidde ikkje løfta i lag og demma opp for speleglade raudtrøyer frå Tasta. Eg trur ikkje eg tek mykje feil om ein seier at her må ha vore fleire spelarar med i dag som ikkje har vore fast inventar på det laget Tasta vanlegvis stiller med.

Dermed blei det utlikning etter det fjerde frisparket i farleg posisjon på kort tid.  På 2-1 kan me ikkje seia oss nøgde med dommaren si vurdering. Sven skulle klarera, men fekk ein smell i hovudet og blei liggande. Her burde det vore frispark, og uansett skal ein blesa spelet av ved hovudskadd. Me skal slett ikkje legga skulda på tapet på dommaren, men nettopp denne situasjonen kom svært ugunstig på oss.

Det vart 3-1 før pause, og den positive starten var fordufta. I andre omgang styrte tasta det meste. Det blei 4-1 før me reduserte til 4-2 etter mål av Bjørn igjen og innlegg frå Håvard Fattnes. Me kunne på ein betre da komme inn i kampen igjen, men me får 5-2 rett i fleisen etter eit grovt balltap. Målvakta vår Dawud Ibrahim redda straffe, men måtte sjå det sjette baklengsmålet bak seg før me reduserte to gonger når kampen i praksis var over. På overtid traff Ørjan Underbakke først Isak Berge Espe med ein corner. Isak heada kontant i mål. Så fekk Ørjan tak i ballen i straffefeltet og banka den i nettaket. 6-4 skulle tyda på ein spennande og artig kamp, men for oss som heia og spelte for Suldal så vart drt ikkje noko god oppleving. Det var ingen som hadde nokon stor kamp, fleire som gjorde personlege feil me blei straffa for, og som lag greidde me ikkje stå imot når me fekk press på oss.

Me gjorde ein flott kamp og eit godt resultat saman i sist kamp me spelte. I dag må ein kvar og ein ta ansvar for at me og taper som eit lag.

Nå blir det tett i botn av tabellen. Siddis 2 her 8 poeng, Tasta 2 har 9 poeng, Suldal har 11 poeng og Hjelmeland har, etter ein heilt vannvittig haustsesong, gått forbi oss og står med 12 poeng.

Neste kamp er laurdag heime mot nummer to på tabellen, Forus og Gausel 2, måndagen er det borte mot formlaget Hjelmeland, før me avsluttar heime mot Hundvåg 2. Me bør helst vinna ein av desse kampane…

Fakta:

Mål:

9 min: 0-1: Bjørn Madland Steine, målgj. Ingve Berge

27, 33, 39, 57 min: 4xTasta 2

64 min: 4-2: Bjørn Madland Steine, målgj Håvard Fattnes

66, 83 min: 2x Tasta 2

90 min: 6-3: Isak Berge Espe, målgj Ørjan Underbakke

93 min: 6-4: Ørjan Underbakke

Gult kort: Johannes Wigestrand

Lag: Dawud Ibrahim – Sven Kolstø, Johannes Wigestrand, Isak Berge Espe, Håvard Fattnes – Ørjan Underbakke, Bjørn Madland Steine, Jone Utbjoa, Lars Lavalette, Erik Vaage – Ingve Berge

Innbyttarar: Jone Gjertsen og Tor Olav Berge