Jone spelte sin 100. kamp for Suldal i dag, og krona det med mål på overtid. Gratulerer!

Det vart ein herleg siger i ein kamp som var mykje meir nervepirrande enn kva resultatet fortel.

Før kampen var det, som det alltid er om hausten, ein heil jobb med å pusla saman eit slagkraftig mannskap. Me måtte rett og slett finna nummeret til gamle heltar. Nokon av dei skulle på jakt, andre på sauesamling, men eit par napp fekk me, og det viste seg å bli eit solid lag me sendte på banen.

Rekordtidleg avspark i Prestavikjo denne laurdagen. Klokka 12.00 bles dommaren i gong, gjestene frå Forus hadde tydelegvis noko viktig dei måtte nå i byn. Har ikkje handelslaje ope ganske lenge ute på Forus, sjølv på laurdagar?

I dei første 30 minutta var laga fokuserte og spelte god fotball. Gjestene var farlegast, og keeper Svein Egil Holmestad måtte strekka seg langt eit par gonger. Våre spelarar kriga og gjekk i duellar som lukta svidd, og det var ikkje tvil om at laget som låg på 2. plass skulle få kjenna at dei hadde møtt oss.

Då halvtimen var spelt, fekk me frispark etter at dommaren vurderte fordelsparagrafen svært bra. Jone Utbjoa slo den frå midtbanen og heilt ned mot dødlinja. Der greidde kaptein Ingve Berge å få ein høg fot på ballen slik at den ikkje gjekk utfor mål, men inn mot stolpen. Der slo ballen borti både ein forsvarar og keeper og gjekk i mål. Litt heldig mål, kanskje, men eit resultat av at Ingve strekte seg det litle ekstra.

Ni minutt seinare fekk me 2-0, også denne gong etter feil av Forus og Gausel. Jone slo nok ein lang ball opp i feltet. Målvakta deira feilreknar seg, og Ørjan Underbakke kunne plassera ballen i ope mål frå 18 meter. Kontrollert og sikkert. Så ja, me fekk eit par heldige mål, men spelemessig var me på høgde med det som det nestbeste laget i divisjonen sendte inn fjordane.

Det var likevel tendenser på slutten av omgangen til at me vart spelt lågare enn det me ønska. Det var og noko av fokuset i pausen.

Andre omgang vart litt av ei kraftprøve for oss. Bortelaget trykte til og hadde presset på oss gjennom heile omgangen. Me kom til nokre gode sjansar som me ikkje sette, mens Forus og Gausel var minst like nær nettkjenning. Dei hadde med anna eit flott innøvd frispark som hadde gått i mål, hadde det ikkje vore for at Erik Vaage heldigvis hadde plassert seg på streken.

Me fekk fleire spelarar som trong seg ein pause, så det var ei stund hett rundt øyrene på lagleiar Arne Vatland. Han rei likevel stormen glimrande av, og haldt fram sin flotte statistikk som lagleiar i 2017: Berre sigrar på G15-laget og nå a-laget. Kan han halda fram med dette på måndag når formlaget i divisjonen Hjelmeland står på andre sida av banen?

Det blei litt roping på dommaren frå begge lag, for det var to lag som verkeleg ville vinna. Dommaren var god og tydeleg og gav klar melding om at blei det meir av det, så kom dei gule korta. Både Suldal og Forus og Gausel prata på seg kort, og ein kvitkledd fekk sitt andre for dagen og raudt. Forus og Gausel måtte avslutta med ti mann, og etter kvart som klokka nærma seg 90 minutt, gjekk piffen litt ut av dei. Det var til slutt dagens 100-kamparsjubilant Jone Utbjoa som kunne setta eit verdig punktum for kampen då han på overtid fekk ballen frå Daniel Berge Espe utanfor straffefeltet. Jone finta, venda og dribla seg gjennom til han såg at nettmaskene låg opne. Då var han så trøytt at det var såvidt han greidde å avslutta, men ballen gjekk i mål, og ein fantastisk herleg siger kunne innkasserast.

Jone vart altså viktig i jubileumskampen sin med eitt mål og to langpasningar som førte til mål, men i dag var det svært mange som viste opp mot maks av det dei har vist denne sesongen. I dag var det speleglede, innsats og konsentrasjon. Ungdommen er framtida til Suldal, men det er heilt klart at Thomas Brustveit og Nils Arne Moe si rolle i laget i dag ikkje kan undervurderast. Thomas i midtforsvaret står som ein bauta og sprer ro og mynde rundt seg, og Nils Arne viser alle at når ein spelar fotball så er ein aldri for trøytt til å ta eitt løp til. Slikt smitta i dag, og me håpar den smitta sit godt i vidare.

Nå på måndag blir det ein tøff kamp mot Hjelmeland borte, før sesongen skal avsluttast førstkommande laurdag heime mot Hundvåg 2 kl 15.00. Møt opp og få ein flott avslutning på sesongen!

Fakta:

Mål:

30 min: 1-0: Sjølvmål. Målgjevande Ingve Berge

39 min: 2-0: Ørjan Underbakke. Målgjevande frå Forus og Gausel.

90 min: 3-0: Jone Utbjoa. Målgjevande Daniel Berge Espe.

Gule kort:

Glenn Søraas, Jone Utbjoa, Sven Kolstø.

Raudt kort:

Forus og Gausel

Lag:

Svein Egil Holmestad – Sven Kolstø, Thomas Brustveit, Håvard Fattnes – Isak Berge Espe – Daniel Berge Espe, Jone Utbjoa, Ingve Berge, Erik Vaage – Ørjan Underbakke, Glenn Søraas.

Innbyttarar: Nils Arne Moe, Dawud Ibrahim, Rodas Teklay