Ny sesong i 6. divisjon er sikra

To resultat gjekk rett veg i kveld, og Suldal IL sikra seg plassen i 6. divisjon for sesongen 2018.

Det såg litt skummelt ut for plassen vår i sist veke, men ein sterk heimesiger av oss mot Forus og Gausel 2 gav litt ro på laurdag. I dag greidde Suldal 5-5 borte mot formlaget Hjelmeland, og litt seinare i kveld tapte Siddis 2 for Vaulen 2 då Vaulen fekk straffe rett før slutt og avgjorde til 3-2. Dermed kan ikkje Siddis 2 ta oss igjen. I morgon spelar Tasta 2. Dei kan ta oss igjen om dei vinn sine to kampar og me taper mot Hundvåg 2. Men det gjer me jo ikkje. Og berre eitt lag rykker ned. Kampen til helga blir dermed utan høge skuldre!

Referat frå Hjelmeland-Suldal kjem når referenten og den ubesigra lagleiaren Arne Vatland har fått summa seg. I morgon skal han på tur med G15.

1 comment to Ny sesong i 6. divisjon er sikra

  • […] Og med dette resultatet var det berre å benka seg framfor sosiale media og venta på rapport frå kampen Vaulen 2 – Siddis 2. Dersom Siddis 2 gav frå seg poeng her, ville plassen vår vera sikra. Siddis leia 1-0, men Vaulen gjekk opp til 2-1. Siddis gav seg ikkje og utlikna, men heilt mot slutten fekk Vaulen straffe og avgjorde til 3-2 siger. Med det var me sikre på at me ikkje kunne komma på sisteplass som gav nedrykk. Sjå eiga sak. […]

Leave a Reply

 

 

 

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>