To resultat gjekk rett veg i kveld, og Suldal IL sikra seg plassen i 6. divisjon for sesongen 2018.

Det såg litt skummelt ut for plassen vår i sist veke, men ein sterk heimesiger av oss mot Forus og Gausel 2 gav litt ro på laurdag. I dag greidde Suldal 5-5 borte mot formlaget Hjelmeland, og litt seinare i kveld tapte Siddis 2 for Vaulen 2 då Vaulen fekk straffe rett før slutt og avgjorde til 3-2. Dermed kan ikkje Siddis 2 ta oss igjen. I morgon spelar Tasta 2. Dei kan ta oss igjen om dei vinn sine to kampar og me taper mot Hundvåg 2. Men det gjer me jo ikkje. Og berre eitt lag rykker ned. Kampen til helga blir dermed utan høge skuldre!

Referat frå Hjelmeland-Suldal kjem når referenten og den ubesigra lagleiaren Arne Vatland har fått summa seg. I morgon skal han på tur med G15.